Konstitusjon jordskiftedommar
Konstitusjon som jordskiftedommar ved Øvre Telemark jordskifterett
Ved Øvre Telemark jordskifterett er det ledig ein konstitusjon som jordskiftedommar i 6 månader, med start frå 15.02.2021.
Domstolen vert leia av ein jordskifterettsleiar og har i tillegg 2 ingeniørar og 1 sakshandsamar. Domstolen har lokale i Kviteseid. Vi legg vekt på å ha eit godt fagmiljø og eit triveleg arbeidsmiljø.
Stillinga vert for tida løna med kroner 875 500,- per år. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt, for tida 2%.
Søkarar må ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagområde fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.
Den som vert konstituert vil gå direkte inn i eksisterande portefølje, og erfaring som dommarfullmektig/dommar vil difor bli lagt vekt på.
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til konstituert jordskifterettsleiar Gunnar Bjerke Osen, telefon 21553314/ 46839941.
Søknad med stadfesta attestar og vitnemål skal sendast til: Øvre Telemark jordskifterett, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid, eller ovre.telemark.jordskifterett@domstol.no.
Søknadsfrist: 25.01.2021