Årets aktivitetar og resultat

Strategisk plan i 2020
Strategisk plan for domstolene i Norge - Domstolene 2025 vart vedtatt i februar 2018.
Desse fire målane skal gjennomførast i planperioden:
- Ein brukar- og utviklingsorientert konfliktløysar
- Digitalt rettsliv
- Samsvar mellom ressursar og oppgåver
- Styrka sjølvstende
Domstolane 2025 blir følgde opp i planverket for verksemda og i dialogen med domstolane.
For 2020 vedtok DAs styre følgjande utviklingsområde for domstolane og DA:
Mål 1 Ein brukar- og utviklingsorientert konfliktløysar
Utviklingsområde 1.2. Riktige avgjerder til rett tid
Tiltak Auka bruk av mekling
Mål 3 Samsvar mellom ressursar og oppgåver
Utviklingsområde 3.2 Betre ressursutnytting
Tiltak Økt fokus på aktiv saksstyring
Utviklingsområde 3.3 Utvikle og legge til rette for bruk av felles praksis og løysingar
Tiltak Implementering av felles retningslinjer for iretteføring av straffesaker
og for bruksordning for veg når det gjeld jordskiftedomstolane.
Mange domstolar viser til at dei har gjort organisatoriske grep med innføring av moderat spesialisering knytt til rettsmekling
Mekling og aktiv saksstyring er faste tema i tilknyting til rutinar for planmøte. Tilsette deltar i kompetansetiltak både internt og i regi av Domstoladministrasjonen
Mange domstolar følgjer opp med jevnlige rapporteringar internt, og i utviklinga av interne retningslinjer. Når det gjeld aktiv saksstyring rapporterer dei fleste domstolar at dei har implementert felles retningslinje i tvistesaker. Det blir òg jobba aktivt med implementering av felles retningslinjer for iretteføring av straffesaker
Aktiv saksstyring og mekling er tema i dommarmøte og internseminarer. Bruk av planmøte har auka. Det er sett av meir tid til desse både i sivile saker og straffesaker. Mange domstolar gir opp at dei samarbeider på tvers i domstolane og med aktørar i retten for å skapa felles praksis og løysingar. Jordskiftedomstolane rapporterer at også ingeniørar gjennomfører mekling, og at intern retningslinje for bruksordning på veg er tatt i bruk.