Ein brukar- og utviklingsorientert konfliktløysar

Foto: Cathrine Dillner Hagen

Meddommarvalet 2020

Meddommarar og skjønnsmedlemmer blir vald kvart fjerde år. Ein ny periode skulle starta 1. januar 2021 og nye meddommarar skulle derfor veljast i 2020.

Sjølv om domstolslova har klare reglar for prosess og fremdrift, var det ein del forseinkingar i prosessen. Dette baud tidvis på utfordringar for domstolane ved beramming av saker som skulle gå av stabelen i 2021. Erfaringsmessig var likevel ikkje desse fristoverskridelsene verre enn ved meddommarvalet i 2016.

Sidan førre meddommarval er den elektroniske portalen for innrapportering av meddommarar forbetra. Det førte til færre problem for brukarane enn tidlegare år. Det var òg laga eigne informasjonssider for kommunalt tilsette som skulle rettleia dei som arbeidde med meddommarvala gjennom heile prosessen. Tilbakemeldingane frå brukarane av sidene var svært positive, men erfaringa er at det kan vera vanskeleg å nå fram til rette vedkomande med informasjonen.

Situasjonen på grunn av koronapandemien gjorde at det ikkje var tilrådd for domstolane å halda samlingar for dei nyvalgte meddommarane. Det vart i staden utarbeidd informasjonspakkar som domstolane kunne tilpassa til sin eigen domstol, og nytta i kontakten med meddommarane.

År med meddommarval er krevjande både for DÅ og domstolane. Kommunane har eit stort behov for råd og bistand både av juridisk, praktisk og teknisk art. Ressursane som kan setjast av til denne typen bistand er avgrensa.

Legge til rette for systematisk kvalitetsutvikling

Den strategiske planen for domstolane (Domstolene 2025) viser retninga for arbeidet med kompetanseutvikling på overordna nivå. Kompetansebehovet til domstolane og dei føringane som styret har gitt, betyr mykje for kva slags kompetansetiltak som blir utvikla og tilbydd av Domstoladministrasjonen i samarbeid med kompetansekomiteane. Tiltaka blir evaluerte og forbetra kontinuerlig.

For å støtte dei viktigaste behova, blir kompetansetiltak for dommarar, dommarfullmektigar, leiarar og saksbehandlarar vidareførte innanfor same ramma som dei fire siste åra. I tillegg er det ei særskilt satsing på leiing, særleg i samband med omstillings- og nedbemanningsprosjektet. Vi legg også vekt på å utvikle og tilby konsept nasjonalt, som kan gjennomførast lokalt eller regionalt.

Fleire kompetansetiltak har blitt avlyste og utsette på grunn av koronapandemien. Mange tiltak er likevel gjennomførte digitalt, men då i ei noko anna form. Dette gjeld til dømes introduksjonsprogramma for dommarar og dommarfullmektigar.

Det blir lagt opp til auka bruk av digitale plattformer (videoløysingar) og digitale verktøy og metodar. DA prøver å få til involvering og ferdigheitstrening, også på digitale plattformer. Mellom anna har omlag 100 leiarar gjennomført leiartrening via spelteknologi i simulator.


Introduksjonsprogram for nye leiarar med personalansvar

Nye leiarar med personalansvar får tilbod om å delta i introduksjonsprogram for nye leiarar. Programmet går over fire modular. Deltakarane får ein introduksjon til leiing og leiarrolla. I 2020  blei det på grunn av koronapandemien ikkje gjennomført fysiske samlingar.

Utvikling av leiarteam

I 2020 blei programmet i endringsleiing («Ledelse av Utviklings- og Forbedringsprosesser (LUF)») , som blei starta våren 2018, avslutta. Dette programmet støtta og øvde leiarar i domstolane i å arbeide med endringar og utvikling i eiga verksemd. Dei fleste domstolane har no gjennomført programmet. Men nokre av dei siste modulane som skulle gjennomførast frå februar til mai, måtte avlysast på grunn av koronapandemien. Det deltok eit domstolsteam samansett av domstolsleiar, administrativ leiar og éin dommar eller saksbehandlar frå kvar domstol.

Å leie i omstilling

I lys av «Omstillings- og nedbemanningsprosjektet» har leiarar med personalansvar gjennomført dagsseminar i «Ledelse i omstilling», om rolla og styringsansvaret til leiaren, og effektiv leiing av omstilling.

Seminaret blei følgt opp med seminar om «Medarbeiderdialog under omstilling». Mange gjennomførte dette i 2020. Resten deltar i byrjinga av 2021. Då vil totalt omlag 200 leiarar ha deltatt.

Målet med tiltaka er å gi leiarane betre innsikt i kva omstilling betyr for leiarrolla, domstolen og medarbeidarane. Eit anna viktig mål er å gi tryggleik til å handtere dei mellommenneskelege utfordringane og det praktiske knytt til omstilling.

På grunn av koronapandemien er nokre tiltak gjennomførte fysisk og andre digitalt.

Strategiverktøy for leiarar

Digitalt verktøy for å bidra til å realisere «Domstolene 2025» er i år oppdatert og marknadsført ovanfor alle domstolsleiarane.

Introduksjonsprogram for nye dommarar og dommerfullmektigar

Nye dommarar gjennomfører eit introduksjonsprogram på fem modular i løpet av første året som dommar. I 2020 har 39 dommarar deltatt i modul 1, medan modul 2, 3, 4 og 5 blei avlyste på grunn av koronapandemien. Dei som ikkje deltok i 2020 deltar i 2021.

Nye dommarfullmektigar gjennomfører introduksjonsprogram på to modular. I 2020 blei det gjennomført ei fysisk samling på modul 1. Resten blei gjennomført som webinar på Virksomhetsplattformen.

Nitten deltok i den fysiske gjennomføringa av modul 1. På del to av webinaret var det 51 deltakarar. Til saman deltok 70 på modul 1. På modul 2 blei begge seminara gjennomførte digitalt med til saman 134 deltakarar.

Studiepermisjon for dommarar 

Studiepermisjonsordninga inneber at dommarar i tingrettane, lagmannsrettane og jordskifterettane kan få ein månad studiepermisjon kvart fjerde år. Dette blir organisert av den enkelte domstolen. Studiepermisjon er eit verkemiddel for å heve dommarane sin kompetanse. Det er ikkje eit velferdstiltak. Det blir stilt krav til fagleg innhald og rapportering.

Det er høve til å søkje om studiepermisjon éin månad ekstra.

Etter søknad kan ein få dekka meirutgifter, til dømes reisekostnader og seminaravgifter i samband med permisjonane.

I 2020 var det til saman sju dommarar som fekk støtte til meirutgifter. Femten dommarar fekk etter søknad éin ekstra månad studiepermisjon.

Spesielt fokus på barnets beste i domstolen

Domstoladministrasjonen samarbeidde i 2020 med Barne- og familiedepartementet (BFD) om kompetansetiltak knytt til barn i domstolen. DA har også hatt noko kontakt med universitets- og høgskulemiljøa.

På grunn av pandemien blei tre regionale seminar for dommarar, advokatar og sakkunnige om temaet «Domstolsbehandling til barnets beste» avlyste.

Arbeidsgruppa «Fagteam barn» blir førebels vidareført fram til 31.12.2021. Frå hausten 2020 er det avdeling HR og kommunikasjon (HRK) som leier arbeidet med «Fagteam barn», men med tett samarbeid med Rettsavdelinga (RETT).

«Fagteam barn» starta i 2020 dialog med Bufetat om eit mogleg samarbeid om støtta og beskytta tilsyn. Intensjonen er at dialogen skal fortsetje i 2021.

Hausten 2020 sende «Fagteam barn» inn eit intensjonsbrev som stadfesta at Domstoladministrasjonen gjekk inn som partnar i eit samarbeidsprosjekt om forsking på barn sin medverknad i domstolane. I desember 2020 blei det stadfesta at forskingsprosjektet hadde fått tildelt midlar. Det er ikkje avklart kva rolle Domstoladministrasjonen skal ha i dette prosjektet. «Fagteam barn» skal sjå nærare på det i 2021.

«Fagteam barn» har hausten 2020 sendt innspel til Justis- og beredskapsdepartementet til ein oppdatert handlingsrapport til ministerkomiteen i Europarådet om oppfølging av Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) sine storkammerdommar som gjeld barnevern.

DA oppretta hausten 2020 ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein digital nasjonal rettleiar for «arbeidsformer og saksbehandling i saker etter barnevernloven». Arbeidsgruppa hadde første møte i desember 2020. Rettleiaren er planlagt ferdig ved utgangen av juni 2021.

Mekling

Regionale seminar i rettsmekling

Det blei gjennomført sju regionale dagsseminar i rettsmekling. Den første delen var berre for dommarar. Hovudfokuset var korleis ein skal handtere krevjande situasjonar under mekling. Den andre delen var for advokatar og dommarar. Hovudfokus her var samspelet mellom dommar og advokat, og samtale om felles praksis i meklingsprosessen. Til saman deltok omlag 130 dommarar og 180 advokatar.

Bidrag til to mastergrader i mekling

I 2020 blei to dommarar uteksaminerte med mastergrad i «Konfliktmægling» ved Universitetet i København. Domstoladministrasjonen har dekka delar av studieavgifta

Ekstra månad studiepermisjon – mekling

Tre dommarar har hatt ein ekstra månad studiepermisjon knytt til mekling.

Kompetanseløp for rettsmeklere

Ei arbeidsgruppe med representantar frå lagmannsrett, tingrett, jordskifterett og DA arbeider med å utvikle eit eige kompetanseløp for rettsmeklarar, med fokus på rettsmekling som fag. Målet er å auke talet på meklingar og betre kvaliteten på meklingane. Det er og eit mål å bidra til eit einskapleg rettsmeklingstilbod for brukarane.

Rettsmekling for jordskifterettane

Kompetansetiltaket Rettsmekling for jordskifterettane med seminar på to + ein dag blei vidareført i 2020. På grunn av koronapandemien blei opplegget berre delvis gjennomført. 17 jordskifterettar deltok.

Dommarseminar

Dommarseminaret 2020 blei avlyst på grunn av koronapandemien.

Dommarpodden

I 2020 blei det utvikla 12 episodar av «Dommerpodden», som primært er eit kompetansetiltak for dommarar. Tema har vore «EØS for dummies», «EØS II –Trygdesaken», «Inndragning», «Hva gjør en dom god», «Barnevern og retten til familieliv», «Domstolene i krisetid», «Krisehåndtering», «Bevistilgang i sivile saker», «Rettssikkerhet i koronaens tid», «Hatefulle ytringer», «Prejudisiell prøving av forvaltningsvedtak i straffesaker», «Norsk Chapter 11 – Rekonstruksjon» (om konkursrett).

Kompetansetiltak for saksbehandlarar og ingeniørar

I alt 1810 medarbeidarar har deltatt på ulike kompetansetiltak. Av desse deltok 1460 (både dommarar og saksbehandlarar) på webinar om ny arvelov. Dette blei gjennomført hausten 2020.

Saksbehandlarane fekk i 2020 tilbod om fleire fagseminar som for eksempel konkurs, straff, tvist, arv og skifte og offentlegheit i praksis. På grunn av koronapandemien fekk vi berre gjennomført konkurs, arv og skifte og tvist. Resten blei flytta til 2021. I tillegg blei det arrangert to program i Notarius publicus. Dette blei gjennomført som webinar.

Ein del saksbehandlarar og ingeniørar i jordskifterettane deltok på rettsmekling. Sjå punkt under «Mekling».

Seminaret om «Fremtidens saksbehandlerrolle i jordskifteretten» blei flytta til våren 2021. Det vil bli halde som korte webinar med aktuelle tema.

Faglitteratur og elektroniske rettskjelder

Faglitteraturutvalet skal sikre at domstolane sitt behov for litteratur og elektroniske rettskjelder blir dekka best mogleg.

Elektroniske rettskjelder er blitt meir funksjonelle og dekkjer betre dommarane sitt behov for oppslagsverk. Kostnadene med elektroniske rettskjelder har auka mykje dei siste åra, noko som inneber at det no blir kjøpt inn svært få papirbøker. Men det er ein stor auke i tilgjengelege elektroniske bøker.

Utvikling av konsept som kan brukast lokalt i domstolane

Vi skal utvikle konsept og tiltak som kan brukast i domstolane og vere grunnlag for erfaringsdeling og læring på arbeidsplassen. Det gir nærleik til lokale og regionale utfordringar og praksis, og det er kostnadssparande ved at det ikkje blir arrangert sentralt. Domstolane kan søkje om økonomisk støtte til gjennomføring av tiltak.

Domstolar som nyttar slike nasjonale konsept, gir positiv tilbakemelding både på sjølve konsepta og tilbodet om slike konsept. Lokale initiativ kan og bidra til nasjonale satsingar.

Verksemdsutvikling med bistand frå ressursteam lokalt utviklingsarbeid (RLU)

Ressursteamet har særleg kompetanse og fokus på medverknadsbaserte prosessar i den enkelte tingretten. Formålet er å støtte det lokale arbeidet med å realisere «Domstolene 2025». For å synleggjere fokus har teamet i 2020 endra namn frå «Ressursteam KRUT» til «Ressursteam lokalt utviklingsarbeid» (RLU). Ressursteamet består av medarbeidarar frå både domstolane og DA.

Totalt seks domstolar (tingrettar og jordskifterettar) ønskte bistand i 2020. Prosessar ved fire av domstolane blei utsette til 2021 på grunn av pandemien, medan tre prosessar i to domstolar blei gjennomførte.

Ressursteamet har arbeidd med å få på plass verktøy slik at ein kan hjelpe domstolane på digitale arenaar.

Kompetansetiltak i domstolane

Til vanleg arrangerer domstolane eigne tiltak og aktivitetar for å betre kompetansen til medarbeidarane. Dette er aktivitetar som fagdagar, faglege treff og seminar saman med andre aktørar. I 2020 har tiltaka primært vore retta mot digital kompetanse for å oppretthalde saksavviklinga. 

Kompetanseutvikling i DA

Det er gjennomført totalt ni kompetansetreff gjennom året. 30 nye kollegaer i Domstoladministrasjonen har gjennomført introduksjonsprogrammet for nye tilsette.

«DA-dagen» blei arrangert virtuelt på Virksomhetsplattformen 11. desember. Fokuset denne dagen var på kva som skjer i DA og domstolane, og kva vi er stolte over å ha fått til i 2020. Gjennomføringa var vellukka og med høg deltaking. Det var spenstige og gode innslag frå alle avdelingane.

 

Rekruttere kvalifiserte dommarar 

Innstillingsrådet for dommarar (IR) er eit uavhengig forvaltingsorgan som har ansvaret for rekrutteringsprosessen for dommarar. DA er sekretariat for IR, og skal bidra til ein smidig og effektiv prosess. I tillegg yter DA bistand til IR med korttidskonstitusjonar opptil eit halvt år. Året 2020 blei eit svært hektisk og annleis år for IR. Koronasituasjonen sette også sitt preg på verksemda til IR. Situasjonen medførte at alle intervju og møte i IR blei gjennomførte digitalt frå april.

I revidert nasjonalbudsjett (RNB) blei det løyvd pengar til ekstra dommarstillingar på grunn av koronapandemien. I løpet av juni og juli blei det derfor konstituert 29 dommarar for å hjelpe til med saksavviklinga fram til jul. I tillegg blei det lyst ut 35 konstitusjonar på eitt til to år. Desse skulle tiltre frå januar 2021. Desse stillingane som kom som følge av koronapandemien, kom i tillegg til dei ordinære stillingane som blir lyste ut i løpet av eit år. 2020 har derfor vore eit svært hektisk år både for IR og for DA som sekretariat for IR.

Utnemde dommarar i 2020

Utnemnde dommarar 2020

Det er konstituert 44 dommarar i 2020 fordelt slik:

Kompetansen til jordskiftelagdommarane

Fleire avgjerder i Høgsterett har vist at kompetansen til jordskiftelagdommarane er uklar. Domstoladministrasjonen sette derfor i august 2020 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å greie ut og fremje forslag til lovendringar med tilhøyrande grunngiving som klargjer kompetansen til jordskiftelagdommarane.

Arbeidsgruppa var samansett av representantar for jordskiftelagdommarane og førstelagmennene. Resultatet av arbeidet til arbeidsgruppa er konkrete forslag til endringar i jordskiftelova, domstolslova og skjønnsprosesslova.
Utgreiinga legg til grunn at forslaget til lovendringar vil innebere ei betre utnytting av eksisterande ressursar og kompetanse i lagmannsrettane.

Utgreiinga blei lagt fram for styret i Domstoladministrasjonen på styremøtet i desember. Der blei det vedtatt å sende utgreiinga til Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD). Det blei også vedtatt å innleie samtaler med departementa om korleis dette arbeidet skal følgjast opp vidare.

Saksbehandlingstid i jordskifterettane

Jordskifterettane har alltid registrert resultatet av verksemda ved hjelp av ulike indikatorar. Men det har aldri vore sett særskilte krav til saksbehandlingstid i jordskiftedomstolane.

Saksbehandlingstida i jordskifterettane er lang. Dette gjer jordskifterettane mindre relevante og attraktive som problemløysarar. Spørsmålet om det skal setjast mål for saksbehandlingstid har også  vore oppe til vurdering tidlegare, men det blei utsett i påvente av at det skulle innførast ny jordskiftelov og nytt saksbehandlingssystem.
Det er no fem år sidan den nye lova tredde i kraft. Det har derfor blitt vurdert på ny om det skal fastsetjast måltal for saksbehandlingstid i jordskifterettane.

Styret for Domstoladministrasjonen vedtok på styremøtet i juni at målet for den gjennomsnittlege saksbehandlingstida skal setjast til 9 månader for rettsfastsetjande saker og 15 månader for rettsendrande saker.
Målet for saksbehandlingstid omfattar ikkje tid som går med til merking av grenser etter Finnmarkslova § 45 og vernesaker med heimel i jordskiftelova § 4-2 bokstav f.

Definisjonen av saksbehandlingstid blir endra og skal heretter reknast frå kravet om sak er journalført til dato for siste avgjerd i saka, minus tida som har gått med til anke (ved førehands anke), forvaltingsmessig behandling og stansing av saka.
Styret føresette også at mål for saksbehandlingstid i jordskifterettane må forankrast i Prop. S 1.

Vitnestøtte

Domstoladministrasjonen har inngått avtale med Noregs Røde Kors om vitnestøtte i norske domstolar.

Eit vitnestøtte er ein frivillig person som tilbyr medmenneskelig støtte og praktisk informasjon til vitne når dei kjem til domstolen.

Ved utgangen av 2020 hadde 42 tingrettar og alle lagmannsrettane vitnestøtteordning. Mange av domstolane tilbyr vitnestøtte òg i sivile saker. Det gjeld stort sett i saker etter barnevernslova og barnelova.

«Eit trygt vitne er eit godt vitne» er slagordet til vitnestøtte. Tanken bak er at eit vitne som har fått god informasjon om det som skal skje i retten, og hatt nokon å snakka med, kan konsentrera seg betre om forklaringa si. Trygge vitne som gir frå seg ei god forklaring gir retten eit betre grunnlag for avgjerda si.

På grunn av koronapandemien har aktiviteten for vitnestøttene vore lågare enn normalt. På grunn av smitteverntiltak har færre menneske opphalde seg i lokala til domstolane, og det har vore auka bruk av fjernavhør av vitne.

Les meir om vitnestøtte.

Informasjon og tilgjengelegheit

Målet for kommunikasjonsarbeidet i domstolane er å støtte opp om domstolane sin tillit i samfunnet. For å oppnå dette arbeider vi med openheit. Aktørane i domstolane skal bli kjende med rettane og pliktene sine, og innbyggjarane skal vite korleis domstolane fungerer.

Sosiale media (Facebook, Twitter, LinkedIn)

Facebook er ein viktig kanal for domstolane når det gjeld å nå ut til innbyggjarane med opplysing om verksemda til domstolane. Videoar som blei laga i samband med Rettens dag 25. oktober, og innlegg som blei skrivne i samband med stortingsvedtaket om nye rettskretsar, har engasjert spesielt mange følgjarar. Domstoladministrasjonen bruker også Twitter for å dele relevante nyhende og lenker. I tillegg bruker vi LinkedIn for å spreie ordet om ledige stillingar i domstolane og aktuelle nyheitssaker som er aktuelle for denne kanalen.

Vi har fleire følgjarar i sosiale media:

Facebook: 4 554 følgjarar
Twitter: 5125 følgjarar
LinkedIn: 2455 følgjarar

Domstol.no

Domstol.no er den viktigaste informasjonskanalen vår. Det skal vere enkelt for brukarane å finne informasjon på nettsidene. Alle domstolane har eigne nettsider under portalen domstol.no. Målgruppene for nettstaden domstol.no er domstolane sine brukarar og faste aktørar i tillegg til skuleelevar, studentar og det rettssøkjande publikum.

Innstillingsrådet, Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark og Tilsynsutvalet har også eigne nettsider.

Tidfestingslistene (berammingslistene) til domstolane blir lagt ut på domstol.no. I tillegg har pressa tilgang til desse listene på eigne pressesider.

Om «Dette skjer i domstolene»

I august 2020 starta kommunikasjonsseksjonen satsinga «Dette skjer i domstolene» på domstol.no. Dette er eit utval saker frå dei forskjellege domstolane rundt om i landet, og lista blir publisert kvar veke.
Lista inneheld 15-20 utvalde saker frå tingrettane og lagmannsrettane. Målet er å opplyse allmenta og pressa om kjerneverksemda til domstolane. Sidan starten i august har listene hatt mellom 800 og nærare 4000 sidevisingar, og mange media har bede om å få lista tilsendt kvar veke. 

Rett på sak

Papirmagasinet «Rett på sak» kom ikkje ut i 2020. I ei brukarundersøking mellom medarbeidarane i domstolane svarte cirka halvparten at dei syntest at det var greitt å ha ei digital utgåve. Derfor har vi valt å avslutte «Rett på sak» på papir, og heller gå over til å publisere sakene digitalt.

Nynorsk i malane til domstolane

Ei ressursgruppe har gjennomført oppdraget «Nynorsk i Lovisa-malane».

Målet med oppdraget var at malar, brev og rettleiingar i Lovisa på sikt skal få eit godt, einskapleg og konsekvent språk, og at medarbeidarane i domstolane og DA opplever god kultur for å skrive nynorsk.

Formålet var å leggje til rette slik at dei som mottar brev og rettleiingar på nynorsk, opplever at språket er forståeleg og klart. At mottakaren forstår rettane og pliktene sine er med på å sikre rettstryggleiken.

Oppdraget skulle gjere tilrådingar om val av ord og uttrykk tilgjengelege for medarbeidarane i domstolane og initiere eit kompetansetiltak som er med å byggje kultur og begeistring. 

Resultatet er skrivereglar for lovisamalane, ei diskusjonsgruppe for spørsmål og svar om nynorsk, og ferdige planar for kompetansetiltak om nynorsk som rettsspråk og arbeidsspråk.

Dommarane si mediegruppe

Dommarane si mediegruppe er eit samarbeid mellom Dommarforeininga, Domstoladministrasjonen og enkelte dommarar. Gruppa består av dommarar som er tilgjengelege for journalistar som ønskjer kontakt. Dommarane i gruppa kan hjelpe media når det er behov for uttaler eller forklaringar frå ein dommar. Utgangspunktet er eit ønske om å bidra til openheit og auka kunnskap om domstolane hos allmenta.

Intranett -  i koronatider

Intranettet til domstolane og DA for 2026 medarbeidarar, bar også preg av koronaåret 2020.

To av dei tre mest besøkte informasjonssidene var spesiallaga med koronainformasjon.

  • Koronaviruset (28 500 besøk) Formål: Informasjon om dagleg drift i domstolane og DA.
  • Driftsmeldingar (18 900) Formål: Orientere om ulike endringar og justeringar.
  • Korona HUB (16 500 besøk). Formål: Informasjon og faglege verktøy for å avvikle saker.

Dei nyheitene som blei lesne mest var også resultat av koronapandemien:

  • Rettsmøte på video – praktisk gjennomføring (2106 besøk)
  • Erfaringar og vegleiar for videomøte (1783 besøk)
  • Videomøterom og heimekontor (1639)
  • Løysing for elektronisk signatur er på plass (1583 besøk)

I 2020 hadde intranettsidene nærare 1,5 millionar besøk, og kvar brukar besøkte sidene i gjennomsnitt 485 gonger. Lokalt og sentralt blei det publisert 660 nyhende. Desse hadde over 350 000 sidevisingar. 

Oppslagsverket «Dommerhåndboka» blei revidert av Vestfold tingrett. Området for felles vegleiarar (16 600 besøk i 2020) fekk nytt innhald med «Felles retningslinjer for straffesaker i tingrett og lagmannsrett». Sidene «Omstilling» som mellom anna har sørga for informasjon til domstolsleiingane, har hatt 15 000 sidevisingar.

«Med intranettet skal vi forenkle arbeidsdagen vår, dele kunnskap og utvikle samarbeidsformer som gir oss meirverdi og arbeidsglede».

Etter ei tid med mykje intern koronainformasjon skapte «Sommerpraten» gjennom juni og juli leseglede for brukarane på intranett. Det var opp mot 1200 lesarar på kvart intervju.

 

Digitalt rettsliv

Til toppen