Saksavvikling i domstolane

Tingrettane og Oslo byfutembete

Saksavvikling 

Tingrettane saksavvikling

 

Innkomne saker 2016-2020

Tingrettane taler på innkomne saker

I 2020 kom det inn tre prosent færre tvistesaker til tingrettane enn i 2019. Talet på slutta saker var også vesentleg mindre enn året før. Samla sett har restansane auka gjennom 2020. 24 av tingrettane nådde ikkje målet Stortinget har sett om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på maksimalt seks månader. I 2019 var det 19 tingrettar som ikkje nådde målet. Dei største kategoriane av tvistar som kom inn til domstolane var:

  • alminnelege tvistesaker (44 prosent)
  • saker etter barnelova (19 prosent)
  • overprøving ved tvangsvedtak (8 prosent)
  • arbeidsrettssaker (9 prosent)

Rettsmekling har vore eit tilbod ved alle tingrettane og lagmannsrettane sidan 2006. I tingrettane blei det halde rettsmeklingsmøte i 1983 saker i 2020 (1936 i 2019).

1364 saker er registrerte som forlikte etter rettsmekling (1306 i 2019). I 2020 behandla tingrettane ni gruppesøksmål, mot sju slike søksmål i 2019.

Det blei gjennomført mekling i 26 prosent av dei sakene som kunne meklast i 2020, mot 24 prosent i 2019. 69 prosent av desse sakene blei forlikte i 2020, mot 67 prosent i 2019.

Talet på behandla saker 2016-2020

Tingrettane talet på behandla saker

Trass i koronapandemien har politiet og påtalemakta oppretthalde normal produksjon i 2020. Det har medført noko auka saksinngang av straffesaker til tingrettane.

Tingrettane avvikla langt færre saker enn vanleg i perioden mars til mai på grunn av pandemien. Dette medførte auka restansar. Avviklinga av saker har vore god siste halvåret av 2020, og restansane er på veg nedover igjen.

Talet på saker i restanse 2016-2020

Tingrettane saker i restanse

Året sett under eitt har restansane auka. Talet på tingrettar som ikkje har nådd målet om maksimal gjennomsnittleg saksbehandlingstid på tre månader i meddommarsaker, har auka.

Talet på straffesaker med strafferamme over seks år i tingrettane har auka svakt dei siste 4-5 åra. Fleire domstolar melder at dei mest alvorlege og krevjande sakene får stadig større betyding for kvardagen i domstolen.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid (mnd)

Tingrettane gjennomsnittleg saksbehandlingstid

Samla viser årsstatistikken for 2020 at 34 tingrettar ikkje nådde målet for saksbehandlingstid i ein eller fleire av sakstypane.

 

Lagmannsrettane

 

Saksavvikling

Lagmannsrettane saksavvikling 2020

Innkomne saker 2016-2020

Lagmannsrettane innkomne saker 2016-2020

Det var redusert saksinngang og saksavvikling av ankar i sivile saker i 2020 samanlikna med 2019. Lagmannsrettane avslutta nesten like mange saker som det kom inn, og det var berre mindre endringar i restansane.

Lagmannsrettane mottok færre straffeankar til overprøving. Ved inngangen til 2020 blei adgangen til å sile vekk saker utvida til også omfatte saker med strafferamme på over seks år.

Andelen saker som blir sendt vidare til realitetsbehandling har gått ned gjennom 2020. Talet på saker som har gått vidare til realitetsbehandling er dermed vesentleg redusert i 2020 samanlikna med åra før.

Talet på behandla saker 2016-2020

Lagmannsrettane talet på behandla saker

Lagmannsrettane har realitetsbehandla fleire saker enn det har kome inn for alle dei fire straffesakstypane: Fagdommarsaker, avgrensa ankar, bevisankar under 6 år og bevisankar over 6 år.

Talet på saker i restanse 2016-2020

Lagmannsrettane talet på saker i restanse


Restansane av saker til realitetsbehandling blei dermed reduserte i løpet av 2020. For 2021 er saksinngangen til lagmannsrettane noko usikker.

Venteleg vil dei nye stillingane tingrettane fekk tildelt hausten 2020 føre til auka saksavvikling i tingrettane. Dette kan i sin tur medføre fleire ankesaker til lagmannsrettane.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid (mnd)

Lagmannsrettane gjennomsnittleg saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida var stabil for sivile ankesaker, men gjekk betydeleg opp for alle straffesakstypar i 2020. Samla for alle lagmannsrettane var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i 2020 lenger enn målet på seks månader i sivile ankar over dom.
Tre av dei seks lagmannsrettane klarte å nå målet. Alle lagmannsrettane har gjennomsnittlege saksbehandlingstider som er lenger enn målet på tre månader i alle straffesakstypane.

Jordskifterettane

Saksavvikling 2020

Saksavvikling i jordskifterettane

I 2020 fekk jordskifterettane inn 1373 saker. Det er ein auke på 10 prosent samanlikna med 2019. Det kom inn fleire rettsfastsetjande og færre rettsendrande saker. For skjønn og saker om gjenopning er det berre mindre endringar i 2020 samanlikna med året før.

Jordskifterettane avslutta 1265 saker i 2020. Det er ein reduksjon på fem prosent samanlikna med året før. Etter fleire år med reduksjon av restansar, aukar igjen talet på føreliggjande saker litt i 2020.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for avslutta saker er litt over 16 månader. For dei største sakstypane, rettsfastsetjande og rettsendrande saker, er det berre mindre forskjellar. Men det er store forskjellar i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom dei enkelte jordskifterettane.

Høgsterett

Høgsterett skriv om saksavvikling i årsmeldinga si for 2020. Årsmeldinga kan lesast her ( side 26-29). 

 

Ein brukar- og utviklingsorientert konfliktløysar

Til toppen