Styrka uavhengigheit

Foto:Camilla Moe Rødven, Studio Prud

Rettspolitisk arbeid

Regelverksutvikling under pandemien

På bestilling frå Justis- og beredskapsdepartementet la Domstoladministrasjonen 13. mars 2020 fram dei første innspela til regelverksendringar i prosesslovgivinga på bakgrunn av den situasjonen som låg føre. I tida etterpå hadde Domstoladministrasjonen kontakt med både Justis- og beredskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og representantar for domstolane om behovet for mellombelse tilpassingar i prosessregelverket som følge av koronapandemien.

Domstoladministrasjonen sine oppgåver i regelverksarbeidet gjekk dels ut på å fange opp behova til domstolane, dels å gi departementet statistiske tal og grunnlagsmateriale, faglege vurderingar, innspel og konkrete regelendringsforslag. I tillegg blei det fortløpande gitt høyringsuttaler. Alt blei gjort innanfor korte fristar. I grove trekk handla regelverksarbeidet i Domstoladministrasjonen under koronapandemien om følgjande tema:

  • Utvida bruk av fjernmøte og fjernavhøyr
  • Utvida høve til skriftleg behandling av straffesaker
  • Mellombelse signaturløysingar for rettsavgjerder, rettsforlik og rettsbøker, kombinert med reglar om avseiing av rettsavgjerder
  • Mellombels høve til å bestemme at det ikkje skal brukast rettskappe under ankeforhandling i Høgsterett
  • Utvida høve til skriftleg behandling i saker for jordskifteretten og ved anker over avgjerder i jordskifterettane
  • Utvida høve til å seie tilståingsdom i tingretten
  • Justering av reglar om trekningskretsar for meddommarar
  • Justering av reglar om tilkalling av meddommarar
  • Presiserande og utvidande reglar om elektronisk forkynning, og høve til telefonisk forkynning av dokument
  • Utvida høve til å overføre saker mellom sideordna domstolar
  • Heimel for å strøyme rettsavgjerder
  • Utviding av funksjonstida til dommarfullmektigar, og høve til å opprette dommarfullmektig I-stillingar i alle tingrettane

De fleste innspela som kom frå Domstoladministrasjonen og/eller domstolane blei følgde opp av Justisdepartementet. Nokre få innspel blei ikkje prioriterte eller ikkje følgde opp av departementet av andre grunnar.

I august 2020 la Domstoladministrasjonen, mellom anna på bakgrunn av innspel frå domstolane, fram ei vurdering for Justis- og beredskapsdepartementet om behovet for vidareføring av dei mellombelse reglane.
Etter dette har Domstoladministrasjonen deltatt i eit innspelsmøte saman med andre aktørar der temaet var å identifisere kva for mellombelse reglar som bør bli permanente. 

Anna regelverksutvikling

Som eit ledd i Domstoladministrasjonen sitt digitaliseringsarbeid blei det tidleg i 2020 tatt opp med Justis- og beredskapsdepartementet å endre tidspunktet for advokatane si registreringsplikt i Aktørportalen. Innspelet blei følgt opp av departementet i eit høyringsnotat som blei sendt på høyring i oktober 2020. I det same høyringsnotatet følgde departementet også opp eit tidlegare innspel frå Domstoladministrasjonen om å fjerne høvet til å avbryte fristar gjennom postsendingar når det er obligatorisk å kommunisere elektronisk med domstolane.

Justisdepartementet har arbeidd med modernisering av straffeprosesslova, ei oppfølging av Straffeprosesslovutvalet si utgreiing NOU 2016:24.
Domstoladministrasjonen har medverka i dette arbeidet med statistiske tal, grunnlagsmateriale og faglege innspel, både skriftleg og ved å delta i eit arbeidsmøte. Domstoladministrasjonen har koordinert tilbakemeldingar og innspel til departementet frå representantar for domstolane.

I tillegg til arbeidet med å implementere ny arvelov som tråtte i kraft 1. januar 2021, har Domstoladministrasjonen hatt innspel til Justis- og beredskapsdepartementet om innhaldet i ny forskrift. Domstoladministrasjonen har også koordinert tilbakemeldingar og innspel frå representantar for domstolane.

 På bestilling frå Justis- og beredskapsdepartementet har Domstoladministrasjonen vurdert staten si plikt til å kunngjere konstitusjonar som ekstraordinær lagdommar offentleg. Domstoladministrasjonen har også vurdert behovet for regelendringar og sett fram eit forslag til alternativ lovregulering på dette området.

Betre og meir effektiv straffesaksbehandling i domstolane

Sørge for effektiv ressursutnytting gjennom felles praksis og større satsing på aktiv saksstyring, og utnytting av mogelegheitene til effektiv saksavvikling som allereie ligg i lovverket.

Ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå tingrettane, lagmannsrettane, Den høgare påtalemakta, privatpraktiserande advokatar og Domstoladministrasjonen la i januar 2020 fram ei tilråding om «Bedre og mer effektiv straffesaksbehandling i domstolene».

I tillegg til ei generell tilråding, la arbeidsgruppa fram felles retningsliner for behandlinga av straffesaker for tingrettane, og tilsvarande retningsliner for lagmannsrettane, og malar for planmøte og tidfestingsbrev (berammingsbrev) med meir.

Domstoladministrasjonen var representert i arbeidsgruppa og hadde også sekretariatsfunksjonen for arbeidet.

Sterkt prega av koronapandemien

Det rettspolitiske arbeidet i 2020 blei frå mars av sterkt prega av koronapandemien. Det blei utført eit omfattande arbeid for å leggje til rette for at domstolane skulle kunne utføre dei samfunnskritiske funksjonane sine og oppretthalde verksemda så langt som mogleg. Samtidig måtte dei ulike smitteverntiltaka gjennomførast.

Det var eit kontinuerleg samarbeid mellom Domstoladministrasjonen og representantar for domstolane. I tillegg hadde Domstoladministrasjonen jamleg kontakt med påtalemakta, Justis- og beredskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet med fleire. Dette arbeidet var særleg intensivt dei første månadene etter at den første nedstenginga blei gjennomført.

Ved sida av arbeidet med ny domstolsstruktur, har Domstoladministrasjonen gått gjennom og vurdert kva for mogelegheiter som finst for å nytte eksisterande reglar i prosessregelverket for å kunne utnytte ressursane betre på tvers av domstolane.

Den faglege gjennomgangen viste at desse mogelegheitene ikkje er eit fullgodt alternativ til strukturendringar, men at dei kan avhjelpe enkeltståande, kortsiktige og mellombelse behov for overføring av saker eller deling av ressursar mm.

Internasjonalt arbeid

Domstoladministrasjonen skal halde norske domstolar oppdaterte på relevant internasjonal utvikling. Dette følgjer av mål og handlingsplan for internasjonalt arbeid 2015-2021 som er vedtatt av styret for Domstoladministrasjonen.

Domstoladministrasjonen skal også medverke til å gjennomføre norsk utanrikspolitikk på justisfeltet gjennom internasjonalt rettsbyggjande arbeid, hovudsakleg ved deltaking gjennom EØS-midla og ved medverknad til domstolsreformer på Vest-Balkan.

Det rettsbyggjande arbeidet blir finansiert utanfor det ordinære budsjettet til Domstoladministrasjonen.

På grunn av koronapandemien blei alt internasjonalt arbeid i 2020 gjennomført utan fysiske møte og utan opplæring.

European Network of Councils for the Judiciary

Domstoladministrasjonen arbeider aktivt som observatør i European Network of Councils for the Judiciary (ENCJ) og deltar kvart år i to av arbeidsgruppene i nettverket.

I fleire år har Domstoladministrasjonen deltatt i prosjektet «Independence, accountability and quality of the judiciary». Prosjektet har utarbeidd kriterium og henta inn informasjon om korleis domstolane i ulike land er uavhengige og ansvarlege.
Noreg gjer det godt på mange område, men langt frå på alle. Det står meir om undersøkinga i del 2 av rapport om internasjonalt arbeid i Domstoladministrasjonen (pdf), behandla i styremøtet for november 2020.

Domstoladministrasjonen har også deltatt i prosjektet «Public confidence and the image of Justice». Begge prosjekta har rapportert til ENCJs generalforsamling.

Den Europeiske Kommisjonen for Effektivitet i Rettspleia

Domstoladministrasjonen er norsk medlem i den Europeiske Kommisjonen for Effektivitet i Rettspleia (CEPEJ) i Europarådet. CEPEJ publiserer annakvart år ein rapport med evaluering av europeiske rettssystem. Den siste rapporten kom i oktober 2020.

Europarådet sitt HELP-program

DA deltar i Europarådet sitt HELP-program. Dette fokuserer på kompetansearbeid hovudsakleg retta mot den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Samarbeid mellom dei nordiske landa

Det er eit utstrakt samarbeid på domstolsområdet mellom dei nordiske landa. Mellom anna møtest dei nordiske administrasjonane for domstolane årleg, og nordiske dommarar møtest gjennom SEND-seminara.

Studiebesøk

Domstoladministrasjonen mottar jamleg studiebesøk frå domstolar i andre land, og DA hjelper norske domstolar i samband med studiebesøk til utanlandske domstolar. På grunn av pandemien var det nesten ingen slik aktivitet i 2020.

Rettsbyggjande arbeid

Det rettsbyggjande arbeidet er konsentrert om EØS-midla og domstolane i Vest-Balkan. Deltaking i prosjekt knytt til rettsbyggjande arbeid skal finansierast utanfor domstolane sitt ordinære budsjett.

EØS-midla

Noreg har sidan EØS-avtalen blei inngått, etter avtale med EU, medverka til sosial og økonomisk utjamning i EU gjennom EØS-midla. Dette er fleirårige program med ei budsjettramme på cirka 2,8 milliardar euro.

Justissektoren er eit prioritert område for EØS-midla. I perioden 2009-2014 blei norske faginstansar direkte involverte som programpartnarar. Domstoladministrasjonen var då programpartnar for domstolsprogramma i Litauen, Polen og Romania.

For programperioden 2014-2021 er DA programpartnar saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Politidirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet i justisprogrammet i Litauen og Romania, og som partnar aleine i Kroatia. I tillegg er Domstoladministrasjonen prosjektpartnar i tre prosjekt under justisprogrammet i Bulgaria.

I 2020 samarbeidde ein med mottakarlanda i å utvikle innhaldet i dei nye programma. Avtalene mellom Noreg og mottakarlanda har gjennomgåande fokus på styrking av europeisk domstolskultur, mellom anna ved betre implementeringa av den Europeiske Menneskerettskonvensjonen (EMK) og EU-lovgiving.

I 2020 vedtok styret for Domstoladministrasjonen at norske domstolar ikkje skal delta i programmet for Polen på grunn av den systematiske svekkinga av sjølvstendet til polske domstolar. Vedtaket fekk stor merksemd både i Polen og Noreg.

Domstoladministrasjonen har tilsett to medarbeidarar som skal utføre arbeidet som programpartnar. Arbeidet blir finansiert av midlar frå Financial Mechanism Office i Brussel, organet som er sett til å forvalte EØS-midla. Frå 1.1.2021 er også ein prosjektkoordinator på plass i Domstoladministrasjonen.

Domstoladministrasjonen arrangerte i 2020 to multilaterale webinar med mottakarland i EØS-programma. Det første webinaret var i juni. Det var om korleis domstolane i Noreg, Kroatia, Litauen og Romania handterte Covid-utfordringane. Webinaret i desember var om tilståingssaker og forenkla straffeprosessar i Noreg, Litauen og Kroatia.

Vest-Balkan

Domstolane i Noreg har i lang tid støtta regionen Vest-Balkan med rettsbyggjande arbeid. I 2018 inngikk Domstoladministrasjonen ei ny treårig avtale med Utanriksdepartementet om regional hjelp til domstolsreform på Vest-Balkan. Hovudfokuset er å auke effektiviteten og kvaliteten i domstolane.

I 2020 blei det mellom anna gjennomført regionalt webinar om samanhengande rettsmøte. Ei arbeidsgruppe presenterte både hinder og mogelegheiter for å få til noko tilsvarande i landa på Vest-Balkan. Leiinga av domstolane i Vest-Balkan kan gjennom programmet diskutere korleis domstolane i regionen kan utviklast.

Domstoladministrasjonen har også deltatt som partnar i eit domstolsprosjekt i Bosnia-Herzegovina, mellom anna saman med domstolsrådet i Nederland. Prosjektet fokuserte på betring av kvalitet og gode system for utnemning og forfremming av dommarar. Domstoladministrasjonen har også hjelpt til i eit prosjekt for å få til eit betre saksbehandlingssystem for domstolane og påtalemakta i Kosovo.

Årets aktivitetar og resultat

Til toppen