Vurdering av framtidsutsikter

Ny domstolstruktur

Regjeringa valde å senda utgreiinga frå domstolskommisjonen om ny NOU 2019:17 ut til høyring saman med eit eige forslag til domstolsstruktur. Forslaget, også namngitt rettskretsalternativet, innebar at ein følgde kommisjonsforslaget om å utvida rettskretsane for tingrettar og jordskifterettar, men slik at alle rettsstader skulle behaldast og bemannast. Stortinget vedtok dette alternativet med nokre justeringar i desember 2020.

I arbeidde med domstolsstruktur har Domstoladministrasjonen (DA) elles bidratt med faglege innspel, vurderingar, utrekningar og annan etterspurd dokumentasjon overfor kommisjonen og dei involverte departement. I tillegg til kontakten med departementa har DA også deltatt på høyringar og i møte med det politisk miljøet på Stortinget

Omstilling

Samfunnsutviklinga, digitaliseringa og dei endra økonomiske rammevilkåra medfører på sikt endringar i arbeidsoppgåver, arbeidsmåtar og auka effektivitetskrav i domstolane. Krav til medarbeidarane sine kunnskapar og ferdigheiter blir endra i åra framover. Det er nok å peike på koronapandemien som i 2020 har utfordra endringskapasiteten til domstolane og gitt kvantesprang i digital og teknisk kompetanse, nye arbeidsformer og arbeidsprosesser. Det har vore stor endringsevne og -vilje i situasjonen som har oppstått.

Med utgangspunkt i Domstoladministrasjonen si strategiske plan, og målet om betre ressursutnytting, har styret starta eit omstillings- og nedbemanningsprosjekt. Hovudmålet er å sikre at bemanninga i størst mogleg grad er tilpassa til framtidig struktur, oppgåver og arbeidsform og behov for kompetanse, også sett i lys av tilgjengelege ressursar.
Prosjektet har i 2020 gjennomført omfattande fysiske og digitale kompetansetiltak retta mot alle leiarar med personalansvar i domstolane og DA med fokus på omstilling og endringsleiing. Det har vore eit mål å gjennomføre omstillingssamtaler med alle medarbeidarar.

I forlenginga av dette har ein tilbode verkemidlar i form av pensjonssamtaler, vegvalsamtaler og karriererettleiing. Det er også utarbeidd kompetanseprofilar for framtidige medarbeidarar. I resterande del av prosjektet vil hovudfokuset vere på intern organisering og organisasjonsutvikling av domstolane for å betre ressursutnyttinga og leggje til rette for fagmiljø i dei nye rettskretsane som blei vedtatt i desember 2020.

Stadig meir av det DA leverer på skjer i samarbeid med ressursar ute i domstolane og utanfor domstolane. I desse utviklingsprosessane har vi behov for gode verktøy for mellom anna samhandling, deling og lagring. Det er sett i gang eit innsiktsarbeid med behovskartlegging og risikoanalyse. Dette skal vere med å sikre eit godt avgjerdsgrunnlag for eventuelle val av løysingar og digitale verktøy, som i sin tur kan hjelpe oss med å levere raskare, rimelegare og med betre kvalitet.

Dette må sjølvsagt sjåast i samanheng med rapportering på Domstolane sin rekneskaps- og lønsseksjon (DRL), Avdeling for innovasjon og domstolsutvikling (INDU) si rapportering og også framtidige utviklingsmål som blir omtalte i avsnittet om strategisk plan.

Utviklingstrekk i samfunnet

Det vil vere ulike utviklingstrekk i samfunnet som vil kunne påverke domstolane i tida framover.

Etter DA si vurdering vil dette vere:

a) befolkningsutvikling og geografisk fordeling

Statistisk sentralbyrå viser til at Noreg vil passere 6 millionar innbyggjarar innan 2040. Dette vil gi ein auke på 0,6 millionar innbyggjarar samanlikna med 2020. Eit auka tal innbyggjarar gir generelt sett eit auka tal saker for domstolane. I NOU 2019:17
Domstolsstruktur er det lagt til grunn at sakstilgangen fram mot 2040 vil auke med omlag fem prosent. Samtidig blir det peika på at det vil vere svært ulik utvikling i sakstilgangen for den enkelte domstolen, mellom anna knytt til ulik befolkningsvekst i rettskretsane.
Både ein reell saksvekst og ulikt fordelt geografisk sakstilgang vil etter DA si vurdering vere utfordrande for domstolane dei næraste åra.

b) digitalisering

Digitalisering har vore ein del av det norske samfunnet og arbeidslivet over lengre tid. Digitalisering omfattar stadig nye område. Ny teknologi endrar arbeidsprosessar og skaper samhandling på tvers av tidlegare organisatoriske grenser i dei fleste sektorane i samfunnet. I offentleg sektor er det i stor grad behovet for å effektivisere som driv utviklinga.

Ønska utvikling er nedfelt i Meld. St. 27 (2015-2016) Digital agenda for Noreg og i Digitaliseringsstrategi for offentleg sektor 2019 - 2025.
Digitalisering av offentlege verksemder skaper forventningar om nye arbeidsformer og kommunikasjonsformer frå profesjonelle aktørar og det rettssøkjande publikum.

Å oppfylle desse forventingane gir utgiftsmessige  utfordringar, sidan det er avgrensa mogelegheiter til å bruke gevinstar som oppstår hos dei profesjonelle brukarane til å finansiere løysingane.
I digitaliseringa av domstolane vil dei største gevinstane vere hos dei profesjonelle brukarane. Samtidig gir forventingar om raskare digitalisering frå brukarar og det rettssøkjande publikummet større mogelegheiter for å gjennomføre endringar hurtigare og betre.

c) teknologiutvikling og sakssamansetting

Den teknologiske utviklinga går raskt og påverkar enkeltsaker og den samla saksporteføljen til domstolane. Teknologiutviklinga har ført til at nye sakstypar har komme til, og at meir tradisjonell vinningskriminalitet synest å bli erstatta av nettbasert kriminalitet, for eksempel identitetstjuveri, bedrageri og utpressing.
Det er også fleire eksempel på omfattande seksuallovbrotssaker der dei straffbare forholda er utførte på nett. Dei nettbaserte straffesakene synest generelt å ha større omfang enn dei meir tradisjonelle kriminalitetsformene.

d) kriminalitet

Endringar i kva slags straffesakstypar det blir utført lovbrot innanfor, kva slags saker politiet/ påtalemakta prioriterer, og kva slags saker som blir etterforska fram til ei tiltale vil påverke aktiviteten og ressursbehova i domstolane. Sidan 2015 har talet på meldingar og påtaleavgjorde saker hos politiet blitt redusert med 12 prosent.
Om tendensen held fram, kan dette tyde på eit lågare tal straffesaker til domstolane i tida framover. Samtidig må dette sjåast i samanheng med ei dreiing i sakssamansettinga med meir omfattande nettbaserte straffesaker, jf. punkt c Teknologiutvikling og sakssamansetting.

e) internasjonalisering

Internasjonal påverknad på norsk rett og samfunnet generelt stiller nye krav til den dømmande verksemda. Internasjonalisering medfører at domstolane må rette seg etter eit meir samansett og dynamisk rettskjeldebilete, og eit aukande tal enkeltsaker vil krevje meir omfattande avklaring av rettsreglar.

f) spesialisering

Det er ei spesialiseringstrend i samfunnet som i varierande grad påverkar ulike samfunnssektorar og fagområde. Både spesialiserte partar og andre spesialiserte aktørar i rettssakene har høge forventingar til domstolane sine evner til å behandle spesielle sakstypar på ein god måte.

Trenden til spesialisering utfordrar domstolane sine evner til å tilby god nok spisskompetanse og fleksible behandlingsmåtar på enkelte saksområde.

Samtidig gir spesialiseringstrenden også domstolane mogelegheit til å utvikle meir spesialiserte fagmiljø innanfor rammene av eit alminneleg domstolssystem.
Dette kan bidra til styrka rekruttering, generell styrking av fagmiljøa og bidra til domstolane sitt omdømme.

Til toppen