Direktør og styreleiars melding

Sven Marius Urke (direktør) og Bård Tønder (styreleiar)

Året som var annleis

2020 blei eit heilt annleis år enn venta også for domstolane og Domstoladministrasjonen (DA). Koronapandemien prega heile organisasjonen. Verksemda til domstolane blei sterkt avgrensa i mars då Regjeringa innførte dei mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid. Det blei fort klart at dette ikkje kunne fortsetje lenge. Domstolane er ei samfunnskritisk verksemd som må haldast i gong også under ein pandemi. Saman med domstolane laga DA raskt forslag til mellombels prosessregelverk. Dette opna for langt større bruk av fjernmøte ved gjennomføring av rettsmøte. Forslaga fekk støtte frå dei politiske styresmaktene, og dei behandla forslaga svært hurtig.

Regjeringa og Stortinget har stilt til disposisjon ekstra midlar. Dette gjorde det mogleg både å investere i meir og betre teknisk utstyr, og å engasjere mellombels dommarar. Til saman har dette ført til at verksemda til domstolane har vore nesten på vanleg nivå også under pandemien. I tillegg har domstolane hatt svært få tilfelle av smitte i verksemda fordi smittevernet har vore godt handtert. Vi er imponerte over, og takknemlege for endringsevna og endringsviljen medarbeidarane i domstolane og DA har vist heile dette året.

Året blei også annleis fordi domstolane fekk betydeleg politisk merksemd. Det blei endeleg sett punktum for mange års debatt om domstolsstrukturen. Regjeringa la fram for Stortinget ønske om å redusere talet på rettskretsar i Noreg: Regjeringa ønskte å redusere frå 60 til 23 tingrettar, og frå 34 til 19 jordskifterettar. Alle stader som har hatt domstolar hittil, skal oppretthaldast som rettsstader. Stortinget slutta seg til dette. DA skal gjennomføre denne endringa i 2021, i tett samarbeid med domstolane. Denne reforma er eit godt kompromiss mellom omsynet til effektive og fagleg sterke domstolar, og ønsket om å bevare arbeidsplassar i heile landet.

Vi er svært glade for at tilliten til domstolane auka betydeleg i 2020, etter eit fall i 2019. Eit samfunn bygd på tillit er ein avgjerande føresetnad for at det opne demokratiet vårt skal fungere godt. I tillegg til at innbyggjarane har høg tillit til domstolane, har den anerkjende «WJP Rule of Law Index» nok ein gong Noreg på andreplass i verda i 2020. Det er berre Danmark framanfor oss. Denne tilliten og anerkjenninga får vi fordi det blir utført eit svært godt arbeid i alle domstolane våre, av alle medarbeidarane.

Vår strategi «Domstolene 2025»

I 2020 fortsette arbeidet med å realisere måla i strategien vår «Domstolene 2025». Den blei utarbeidd i tett samarbeid mellom domstolane og DA. Strategien er no førande for alle satsingane våre. Den slår fast at domstolane og DA skal arbeide mot fire mål:

  • Ein brukar- og utviklingsorientert konfliktløysar
  • Digitalt rettsliv
  • Samsvar mellom ressursar og oppgåver
  • Styrka sjølvstende

På grunn av koronasituasjonen gjekk digitaliseringa av domstolane raskare i 2020. Løysingar som til vanleg ville ha kravd lang tid til planlegging, utvikling og innføring, blei utvikla og sett i verk på kort tid. Dette gjeld til dømes elektronisk signering av rettsavgjerder. Samtidig er andre tiltak til dels utsette. Dette gjeld til dømes mange kompetansetiltak som føresette fysiske møte. Men kompetansearbeidet er etter kvart rigga om, og det blir gjennomført mange digitale tiltak.  

Sjølvstendet til domstolane

I fleire europeiske land er sjølvstendet til domstolane under betydeleg press frå politiske styresmakter. DA fann det dessverre heilt nødvendig å bryte samarbeidet med domstolane i Polen fordi domstolane der ikkje lenger kan seiast å vere reelt uavhengige. Dette samarbeidet har vore en del av EØS-avtalen. Internasjonalt samarbeid er viktig for oss. Vi i Noreg skal bidra til å styrke rettstryggleiken i andre land, men samarbeidet er også viktig for å styrke vår eigen kompetanse og medvit om viktige, prinsipielle spørsmål for domstolane.

I Noreg er situasjonen annleis. Norske dommarar opptrer uavhengig, og tilliten til domstolane er som nemnt høg. Hausten 2020 la Domstolskommisjonen fram den andre rapporten sin. Den inneheld fleire forslag som skal styrke sjølvstendet til domstolane. Vi håpar at det politiske miljøet ser behovet for å verne og styrke domstolane som ei uavhengig statsmakt.


Direktør Sven Marius Urke og styreleiar Bård Tønder

Til toppen