Nøkkeltal 2020

Tiltruundersøkinga 2020

Resultatane for Tiltruundersøkinga 2020 viser ein betydeleg auke i tiltrua til domstolane, regjeringa og Stortinget.

Tiltruundersøkinga viser at 45 prosent av befolkninga har svært høg tiltru til domstolane, mot 27 prosent i 2019. Heile 92 prosent av befolkninga har svært eller ganske stor tiltru til domstolane i undersøkinga mot 83 prosent i 2019.

Del av befolkninga som har svært stor eller stor tiltru til domstolane 1996-2020

Samanlikna med politiet, regjeringa og Stortinget kommer domstolane best ut i årets tiltruundersøkning når det gjelder hvor mange som oppgir å ha «svært høg tiltru».

Tiltru til utvalde institusjonar 2020

I følge Jan Behrens, fagansvarleg for omdømmemålingar hos Ipsos, er det ein tydeleg koronaeffekt på fleire av målingane i 2020. Mange offentlege institusjonar har gjort det spesielt godt i år, og tala kan vere eit teikn på at innbyggjarane sluttar opp om samfunnsinstitusjonar i krisetider.

Regjeringa har til dømes hatt si beste omdømmemåling på 15 år. Stortinget har eit historisk høgt nivå, saman med fleire departement og institusjonar som til dømes Forsvaret.

Rule of Law Index

WJP Rule of Law Index 2020 måler årleg korleis innbyggjarane opplever rettstryggleiken i kvardagen sin. Noreg har nest høgaste score av alle dei 128 landa som er undersøkte. Danmark scorar høgast, medan Finland og Sverige er på tredje- og fjerdeplass.

130 000 hushald og 4 000 ekspertar over heile verda deltar. Landa blir målte ut frå åtte ulike rettstryggleiksdimensjonar, som fråvær av korrupsjon, maktfordeling, tryggleik, openheit, sivil prosess og straffeprosess. Dimensjonane er i alt delt opp i 38 faktorar. 1,0 står for total rettstryggleik.

Noreg scorar høgast i verda på to dimensjonar:

  • Open forvaltning 0,89
  • Vel fungerande straffeprosess 0,83
  • Noreg er rangert som nummer to på:
  • Maktfordeling mellom lovgivar, regjering og domstolar 0,94
  • Fråvær av korrupsjon 0,94
  • Fundamentale rettar 0,91
  • Regulatorisk gjennomføringsevne 0,87
  • Vel fungerande sivilprosess 0,85

Det einaste som trekkjer ned er "Orden og sikkerhet" der Noreg med score på 0,93 er rangert som nummer 4 av dei 128 landa.

Fordeling av innkomne saker til tingrettane og Oslo byfutembete

Figuren viser mengde innkomne saker, men gir ikkje eit reelt bilde på ressursbruk i dei ulike sakstypane. Dei ulike sakstypane har ulik kompleksitet.

Saksavvikling i tingrettane og Oslo byfutembete

 

Saksavvikling i lagmannsrettane

 

Saksbehandlingstid i tingrettane og Oslo byfutembete (mnd)

 

Saksbehandlingstid i lagmannsrettane (mnd)

 

Antall tilsette i Noregs domstolar per 31.12.2020

Antall tilsette 2020

Utvalde hovudtal frå årsrekneskapen 2019 og 2020

 

Til toppen