Om Noregs domstolar

- Domstolane si rolle i samfunnet
- Dei alminnelege domstolane
- Særdomstolar og andre domstolliknande forvaltningsorgan
- Domstoladministrasjonen
- Styret i Domstoladministrasjonen
- Tilsynsutvalet for dommarar
- Innstillingsrådet for dommarar
- Sidegjeremålsregisteret for dommarar
Domstolane si rolle i samfunnet
Domstolane er ei av dei tre statsmaktene i Noreg:
- Stortinget - den lovgivande makta
- Regjeringa - den utøvande makta
- Domstolane - den dømmande makta
Domstolane dømmer på grunnlag av lovene Stortinget vedtar, og det er berre domstolane som kan dømme til straff (Grunnlova § 96).
Idé og verdigrunnlaget til domstolane
Domstolane skal vere uavhengige. Dei skal sikre og fremje rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet, og dei skal til ei kvar tid ha høg tillit i samfunnet.
Arbeidet i domstolane skal vere prega av kvalitet, integritet, respekt, service, openheit og effektivitet.
Sjølvstende og openheit
Domstolane og dommarane skal vere sjølvstendige i den dømmande verksemda, og ingen kan instruere domstolane om korleis dei skal handtere ei sak.
Domstolane utøver betydeleg makt. I eit demokratisk samfunn er det viktig med stor grad av openheit og offentlegheit.
Kva gjer domstolane?
Hovudoppgåva til domstolane er å løyse rettslege tvistar. Domstolane handterer sivile tvistar og straffesaker og avgjer konkrete saker som blir reiste for retten. Domstolane tar aldri sjølve initiativ til å reise ei sak.
Domstolane utfører også:
- offentleg skifte (dødsbu, felleseige, konkurs)
- tvangsfullbyrding
- notarialforretningar
Dei alminnelege domstolane
Noregs Høgsterett
Noregs Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg, og utgjer saman med Stortinget og Regjeringa dei øvste statsorgana i Noreg. Høgsterett er ein ankedomstol som behandlar ankar over avgjerder som er fatta av lågare domstolar, både sivile saker og straffesaker. Høgsterett har myndigheit på alle rettsområde. Men Høgsterett tar ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker.
Lagmannsrettane
Lagmannsrettane tar stilling til ankar over rettsavgjerder i sivile saker og straffesaker. Ankane kjem frå tingrettane i lagdømmet (geografisk område som består av domssokna til fleire tingrettar) og frå jordskifterettane.
Tingrettane
Tingrettane er første ordinære domstol. Dei behandlar både sivile saker og straffesaker. I Oslo er domstolane i første instans fagleg delte mellom Oslo tingrett og Oslo byfutembete.
> Se kart over dei alminnelege domstolane per 31.12.2020
Særdomstolar og andre domstolliknande forvaltningsorgan
Jordskiftedomstolen
Jordskiftedomstolen er ein særdomstol som arbeider med saker etter jordskiftelova. Jordskifteretten er førsteinstans og lagmannsretten er ankeinstans.
> Se kart over jordskiftedomstolene per 31.12.2020
Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark
Finnmarkskommisjonen skal kartlegge eksisterande bruks- og eigarrettar som folk i Finnmark har erverva på grunnlag av langvarig bruk. Les meir om Finnmarkskommisjonen..
Les meir om Finnmarkskommisjonen.
Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar dei rettstvistane som kan oppstå når Finnmarkskommisjonen har kartlagt bruks- og eigarrettar.
Les meir om Utmarksdomstolen for Finnmark.
Forliksrådet
Forliksrådet er det første leddet i rettssystemet for sivile saker. Det er ein meklingsinstitusjon med avgrensa domsmakt.
Les meir om Forliksrådet.
Domstoladministrasjonen
Domstoladministrasjonen (DA) er eit sjølvstendig forvaltingsorgan med eige styre. DA skal ta vare på og støtte opp under sjølvstendet til domstolane og dommarane, og arbeide for at verksemda til ei kvar tid oppfyller krav og forventingar i samfunnet.
DA har ansvaret for ressursfordeling til, og den sentrale administrasjonen av domstolane i Noreg.
Ansvaret ovanfor domstolane omfattar mellom anna:
- økonomi
- organisasjonsutvikling
- kompetansetiltak
- kommunikasjonsarbeid
- drift og utvikling av IKT-systemer
DA har det overordna administrative ansvaret for Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark. DA har ein overordna arbeidsgivarfunksjon for dei alminnelege domstolane og jordskifterettane.
Ved utgangen av 2020 hadde Domstoladministrasjonen 126 fast tilsette fordelt på 123,60 årsverk.
Leiinga i Domstoladministrasjonen
Styret er øvste styresmakt for Domstoladministrasjonen, og skal sjå til at administrasjonen av domstolane skjer på ein forsvarleg og formålstenleg måte.
Styret skal behandla saker som er av viktigheit for DÅ, herunder budsjettforslag for domstolane og DÅ, og fordeling av budsjettmiddel innanfor rammer som er fastsette av Stortinget. Styret skal i tillegg gi generelle retningslinjer for DAs verksemd.
Sju av dei ni medlemmene i styret blir utnemnde av Kongen i statsråd, to medlemmer blir valde av Stortinget.
Styret for perioden 1. august 2019- 31. juli 2021 består av
- Styreleiar, Bård Tønder, tidlegare Høgsterettsdommar
Vara, Cecilie Østensen Berglund, Høgsterettsdommar - Medlem, Marianne Vollan, Førstelagmann
Vara, Bjørnar Stokkan, Lagdommar - Nestleiar, Rolf Selfors, Sorenskrivar
Vara, Håkon Rastum, Sorenskrivar - Medlem, Oddmund Roalkvam, Jordskifterettsleiar
Vara, Arve Konstali, Jordskifterettsleiar - Medlem, Anders Brosveet, Advokat
Vara, Anne Marit Pedersen, Advokat - Medlem, Anne Helsingeng, Advokat
Vara, Rannveig Sem, Advokat - Medlem, Marit Nybakk, tidligare stortingsrepresentant
Vara, Karin Woldseth, tidligare stortingsrepresentant - Medlem, Sonja Iren Sjøli, tidligare stortingsrepresentant
Vara, Ingebrigt S. Sørfonn, tidligare stortingsrepresentant (fra 15. oktober 2019) - Medlem, Bente Fanavoll Elverum, Administrasjonssjef
Vara, Wenche Nilsen, Rådgivar
Direktør: Sven Marius Urke
Avdelingsdirektørar:
- HR og kommunikasjon: Kari Berget
- Informasjon og teknologi: Olav Berg Aasen
- Innovasjon og domstolutvikling: Ingrid Olsen
- Rettsavdelinga: Solveig Moen
- Økonomi og styring: Jann Ola Berget
Domstoladministrasjonens organisasjonskart per 31.12.2020
Tilsynsutvalet for dommarar
Tilsynsutvalet er eit disiplinærorgan som behandlar klager på dommarar. Utvalet er oppnemnt av Kongen i statsråd. Tilsynsutvalet omfattar alle fagdommarar i jordskifterettane, tingrettane, lagmannsrettane og Høgsterett. I tillegg til dei faste embetsdommarane, gjeld ordninga også for mellombelse dommarar og dommarfullmektigar. Tilsynsutvalet er samansett av to representantar for allmenta, ein advokat, to dommarar frå dei alminnelege domstolane og ein jordskiftedommar.
Les meir om Tilsynsutvalget.
Innstillingsrådet for dommarar
Innstillingsrådet er eit eksternt, sjølvstendig og uavhengig organ. Dommarar i Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, jordskifterettane og Utmarksdomstolen for Finnmark blir utnemnde av Kongen i statsråd etter innstilling frå Innstillingsrådet for dommarar.
Les meir om Innstillingsrådet for dommere.
Sidegjeremålsregisteret for dommarar
Sidegjeremålregisteret er ei oversikt over tillitsverv, investeringar og anna som dommarar har ved sida av arbeidet sitt. Registeret gjer det lettare for partar/advokatar å undersøkje habiliteten til dommarane.
Les meir om Sidegjøremålsregisteret.