Fremtidsutsikter



Uavhengigheit, rettstryggleik og tillit er kjerneverdiane til domstolane.

Uavhengigheit

I fleire land, også nær oss, er uavhengigheita til domstolane under press frå andre statsmakter og påverknadsgrupper. Norske domstolar er ikkje under slikt press for tida, men ein kan ikkje sjå bort frå at det kan kome. Grunnlova slår fast at «Enhver har rett til å få sin sak avgjort av en uavhengig og upartisk domstol innen rimelig tid» Det er likevel behov for å styrke den formelle uavhengigheita slik at andre statsmakter ikkje på enkelt vis skal kunne endre samansetnaden av slike styre, råd og utval som kontinuerleg skal sørgje for at uavhengigheita blir ivaretatt. Dette er og ein del av mandatet til Domstolskommisjonen.

Rettstryggleik

Rettstryggleiken i Noreg er svært god internasjonalt sett. I internasjonale kåringar frå for eksempel World Justice Project og Verdensbanken ligg Noreg svært høgt.

Ei konkret utfordring for rettstryggleiken i Noreg kan vere kvaliteten på tolking i retten. Ei anna utfordring kan vere at det kan vere kostbart å føre ei sak for retten.

Tillit

Tiltrua til domstolane er stabilt høg. Dette er ein viktig føresetnad for at samfunnet skal fungere godt. Samtidig kan enkelte hendingar eller avgjersler alltid påverke tiltrua.

Den viktigaste føresetnaden for å ha høg tillit er at domstolane fattar rettsavgjerder som blir aksepterte og respekterte. Openheit om rettsprosessen er ein annen føresetnad. At avgjerder blir fatta til rett tid er og viktig for det rettssøkjande publikum.

Meir effektive domstolar

Digitalisering og nye arbeidsmåtar kan forenkle og forbetre rettsprosessen. Dette står sentralt i arbeidet med å effektivisere domstolane.

Mange tiltak er gjennomført og nye vil kome i 2019. Jordskifterettane og fleire aktørar skal ta i bruk den digitale Aktørportalen for dokumentutveksling i sivile saker. Ei sikrare og meir effektiv digital samhandling blir og gjennomført innanfor straffesakskjeda.

Innbyggjarane og andre aktørar ventar i stadig større grad at alle institusjonar bruker digitaliseringa til å gjere prosessane enklare, meir tilgjengelige og meir opne. Avvik kan påverke tiltrua. 

ABE-kutt

ABE-reforma er eit generelt kutt i budsjetta til dei fleste statlege verksemdene. Målet er å effektivisere og frigjere midlar til politisk prioriterte oppgåver. Kutta har dei siste åra vore 0,5-0,8 prosent.

Reforma tar ikkje omsyn til at domstolane har sterkt avgrensa moglegheit til å effektivisere på grunn av den fastlåst domstolsstrukturen, og at arbeidsprosessane i domstolane er sterkt lovregulerte.

ABE-reforma og behov for, og plikt til gevinstrealisering av digitaliseringa, har medført at domstolane har måtta nedbemanne med over 50 stillingar sidan 2016. Nedbemanninga vil halde fram i 2019. Dette kan påverke saksbehandlingstida.

IT-utstyr i domstolane

Investeringane i IT i domstolane har vore altfor små i fleire år. Domstolane har derfor mykje teknisk utstyr som er utdatert. Domstoladministrasjonen kjem til å auke investeringane i teknisk utstyr i 2019 og dei komande åra, ikkje minst i jordskifterettane.

Det blir også stilt høgare krav til teknisk utstyr i dei ca. 450 rettssalane i domstolane. Det same gjeld for tryggleik, både for besøkjande og tilsette. Det er derfor behov for å etablere tryggleikskontroll i mange tinghus.

Saksavvikling

I dei siste åra har det blitt kravd færre saker for domstolane. Saksbehandlingstid og restansar er ikkje redusert tilsvarande. Dette er illevarslande. Dersom talet på tvistar og straffesaker aukar på ny, og moderniseringa av rettsprosessen ikkje har venta effekt, vil det bli svært vanskeleg å behalde akseptable saksbehandlingstider.

Rettsbygningar

Mange tinghus er ikkje formålstenlege ut frå krav og forventningar. Det blir arbeidd med utbetringar av eksisterande lokale. Nokre stader, som i Bergen, Drammen, Stavanger og Vestfold, blir det arbeidd med større byggeprosjekt.

Domstolstrukturen

Det blir arbeidd for å justere domstolsstrukturen noko gjennom samanslåingar der det er naturleg. Det blir og oppretta felles domstolsleiing, og felles lokalisering av tingretter og jordskifterettar, der det er særlege grunnar til dette. Domstolskommisjonen skal i løpet av 2019 leggje fram forslag til ny struktur for førsteinstans-domstolane.

Til toppen av siden