Om domstolene i Norge



 

Domstolane si rolle i samfunnet

Domstolane er ei av dei tre statsmaktene vi har i Noreg:

  • Stortinget - den lovgjevande makta
  • Regjeringa - den utøvande makta
  • Domstolane - den dømmande makta

Domstolane dømmer på grunnlag av dei lovene Stortinget vedtar. Det er berre domstolane som kan dømme til straff (Grunnloven § 96).

Idé- og verdigrunnlaget til domstolane

Domstolane skal vere uavhengige. Dei skal sikre og fremme rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet, og dei skal til ei kvar tid ha høg tillit i samfunnet.

Arbeidet i domstolane skal vere prega av kvalitet, integritet, respekt, service, openheit og effektivitet.

Sjølvstende og openheit

Domstolane og dommarane skal vere sjølvstendige i den dømmande verksemda. Ingen kan instruere domstolane om korleis dei skal handtere ei sak. 

Sidan domstolane utøver betydeleg makt, er det viktig at det er stor grad av openheit og offentlegheit.

Kva gjer domstolane?

Hovudoppgåva til domstolane er å løyse rettslege tvistar. Domstolane handterer sivile tvistar og straffesaker og avgjer konkrete saker dei får til behandling. Domstolane tar aldri sjølve initiativ til å reise ei sak.

Domstolane utfører også

  • offentleg skifte (dødsbu, felleseige, konkurs)
  • tvangsfullbyrding
  • notarialforretningar

Dei alminnelege domstolane

Høgsterett

Høgsterett er øvste domstolen, og utgjer saman med Stortinget og Regjeringa dei øvste statsorgana i Noreg. Høgsterett er ein ankedomstol som behandlar ankar over avgjerder fatta av lågare domstolar, både sivile saker og straffesaker. Høgsterett har myndigheit på alle rettsområde. Men Høgsterett tar ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker.

Lagmannsrettane

Lagmannsrettane tar stilling til ankar over rettsavgjerder i sivile saker og straffesaker. Ankane kjem frå tingrettane og jordskifterettane i lagdømmet (geografisk område som består av domssokn til fleire tingrettar/jordskifterettar). 

Tingrettane

Tingrettane er første ordinære domstol. Her blir både sivile saker og straffesaker behandla. I Oslo er førsteinstans-domstolane fagleg delt mellom Oslo tingrett og Oslo byfogdembete.

Kart over dei alminnelege domstolane per 31.12.2018 

(Trykk på kartet for større versjon)

Oversikt over de alminnelige domstolene

 

 

 

 

 

 

 

Særdomstoler og andre domstollignende forvaltningsorganer

Jordskiftedomstolen

Jordskiftedomstolen er ein særdomstol som arbeider med saker etter jordskiftelova. Jordskifteretten er førsteinstans og lagmannsretten er ankeinstans.

Kart over Jordskiftedomstolane per 31.12.2018

(trykk på kartet for større versjon)

Oversikt over Jordskifte-domstolene

Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark

Finnmarkskommisjonen skal kartlegge eksisterande bruks- og eigarrettar som folk i Finnmark har erverva på grunnlag av langvarig bruk.

» Les meir om Finnmarkskommisjonen her.

Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar dei rettstvistane som kan oppstå når Finnmarkskommisjonen har kartlagt bruks- og eigarrettar.

» Les meir om Utmarksdomstolen for Finnmark her.

Forliksrådet

Forliksrådet er det første leddet i rettssystemet for sivile saker. Forliksrådet er ein meklingsinstitusjon med avgrensa domsmakt. 

» Les mer om Forliksrådet her.

Rettskretsane var uendra i 2018. Men frå 1.1.2019 blei fire tingrettar i Vestfold slått saman til Vestfold tingrett.

Domstoladministrasjonen

Domstoladministrasjonen (DA) er eit sjølvstendig forvaltningsorgan med eige styre. DA skal ivareta og støtte opp under domstolane og dommarane si uavhengigheit og arbeide for at domstolsverksemda til ei kvar tid kan oppfylle samfunnet sine krav og forventningar.

DA har ansvaret for ressursfordeling til, og administrasjon av domstolane i Noreg.

Dette ansvaret omfattar mellom anna:

  • økonomi
  • organisasjonsutvikling
  • kompetansetiltak
  • kommunikasjonsarbeid
  • drift og utvikling av IKT-system

DA har det overordna administrative ansvaret for Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark, og overordna arbeidsgivarfunksjon for dei alminnelege domstolane og jordskifterettane.

Ved utgangen av 2018 hadde DA 95 tilsette fordelt på 95 årsverk.

Domstoladministrasjonens styre

Styret er øvste myndigheit for DA, og styret skal passe på at administrasjonen av domstolane er forsvarleg og formålstenleg.

Styret skal behandle saker som er viktige for DA, mellom anna budsjettforslag for domstolane og DA og fordeling av budsjettmidlar innanfor rammer som er fastsette av Stortinget. Styret skal i tillegg gi generelle retningsliner for verksemda til DA. Sju av dei ni medlemmene i styret blir utnemnde av Kongen i statsråd, to medlemmer blir valt av Stortinget.

Styret for perioden 1. august 2017 - 31. juli 2019 består av

  • Styreleder, Bård Tønder, Høyesterettsdommer
    Vara, Cecilie Østensen Berglund, Høyesterettsdommer
  • Nestleder, Magni Elsheim, Førstelagmann
    Vara, Inger Kjersti Dørstad, Tingrettsdommer
  • Medlem, Rolf Selfors, Sorenskriver
    Vara, Bjørnar Stokkan, Lagdommer
  • Medlem, Oddmund Roalkvam, Jordskifterettsleder
    Vara, Arve Konstali, Jordskifterettsleder
  • Medlem, Anders Brosveet, Advokat
    Vara, Anne Marit Pedersen, Advokat
  • Medlem Marianne Abeler, Advokat
    Vara, Rannveig Sem, Advokat
  • Medlem Marit Nybakk, tidligere stortingsrepresentant
    Vara, Karin Woldseth, tidligere stortingsrepresentant
  • Medlem Sonja Iren Sjøli, tidligere stortingsrepresentant
    Vara, Arne Lyngstad, tidligere stortingsrepresentant
  • Medlem Bente Fanavoll Elverum, Administrasjonssjef
    Vara, Anders Rasmussen, Rådgiver

Per 31.12.2018 blir Domstoladministrasjonen leia av

Direktør: Sven Marius Urke

Avdelingsdirektørar:

  • HR og kommunikasjon: Kari Berget
  • Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: Olav Berg Aasen
  • Kommunikasjonseininga: Iwar Arnstad
  • Rettseininga: Solveig Moen
  • Serviceutvikling: Kersti Fjørstad
  • Økonomi og eigedom: Jann Ola Berget

Frå 1.1.2019 har Domstoladministrasjonen nye avdelingar etter ei omorganisering i 2018.  

>> Les meir om avdelingane i DA her.

Tal tilsette og årsverk i domstolane i Noreg i 2018

Antall ansatte i domstolene 

Tilsette i Oslo byfogdembete er med i samanstillinga for tingrettane 

Tilsynsutvalet for dommarar

Tilsynsutvalet er eit disiplinærorgan som behandlar klager på dommarar. Utvalet er oppnemnt av Kongen i statsråd. Ansvarsområdet til Tilsynsutvalet omfattar alle fagdommarar i jordskifterettane, tingrettane, lagmannsrettane og Høgsterett. Ordninga gjeld både dei faste embetsdommarane og mellombelse dommarar og dommarfullmektigar. Tilsynsutvalet er samansett av to representantar for ålmenta, ein advokat, to dommarar frå dei alminnelege domstolane og ein jordskiftedommar. 

» Les meir om Tilsynsutvalet her.

Innstillingsrådet for dommarar

Innstillingsrådet er eit eksternt, sjølvstendig og uavhengig organ. Dommarar i Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, jordskifterettane og Utmarksdomstolen for Finnmark blir utnemnde av Kongen i statsråd etter innstilling frå Innstillingsrådet for dommarar

» Les meir om Innstillingsrådet for dommarar her.

Sidegjeremålsregisteret for dommarar

Sidegjeremålregisteret er ei oversikt over tillitsverv, investeringar og anna som  dommarar har ved sida av arbeidet. Registeret gjer det lettare for partar/advokatar å undersøke habiliteten til dommaren. 

» Les meir om Sidegjeremålsregisteret her.

Til toppen av siden