Informasjon om koronasituasjonen

Informasjon om kva som skjer i Bergen tingrett som følgje av koronasituasjonen. Sida blir oppdatert etter kvart som situasjonen endrar seg.  

Sist oppdatert 26. juni 2020

Ekspedisjon/servicesenter (inkludert notarial) er open for frammøte frå måndag 29. juni. Treng du å komme i kontakt med tingretten? Les meir her

Smitteverntiltak

Partar, aktørar og andre som skal til Bergen tinghus må gjere seg kjend med gjeldande smitteverntiltak (pdf) før ein møter på tinghuset.

Du må ikkje møte opp på tinghuset dersom du har symptom på forkjøling, mistenker koronasmitte eller er i karantene.

Ta kontakt med Bergen tingrett på telefon 55 69 97 00 eller e-post bergen.tingrett@domstol.no dersom du har blitt innkalla til tingretten og ikkje kan møte grunna symptom på smitte eller er i karantene.

Tilgang til tinghuset

På grunn av smittefare, skal færrast mogeleg kome til tinghuset. Berre partar, aktørar og publikum med strengt naudsynte ærend har tilgang til tinghuset. Publikum har framleis ikkje tilgang til rettssalane som tilhøyrarar. Nytt houvdinngangen frå Tårnplass. 

Informasjon til journalistar/pressa

Journalistar kan følgje rettsmøte på tinghuset utan avtale. Reglane om smittevern gjeld, og dersom ei sak er venta å ha stor medieinteresse, må journalisten sende e-post til retten i forkant via denne e-postadressa så tidleg som mogeleg og seinast innan kl. 14.30 yrkedagen før rettsmøtet.

Journalistar kan også sende førespurnader om innsyn i avgjersler som ikkje er publiserte i den elektroniske pressemappa, kan sendast til same e-postadresse

Vitnestøttetenesta startar opp att frå 2. juni 
Frå tysdag 2. juni startar vitnestøtta opp att på Bergen tinghus. Det er uvisst om det vil vere vitnestøtte til stades på tinghuset kvar dag fram til rettsferien. Me oppmodar difor om å nytte førehandstinging: 

  • Ring vitnestøttekontoret: 55 69 95 26 eller 
  • Kontakt vitnestøttekoordinator Ingjerd Espe: 
    • telefon: 55 69 97 00 (sentralbord)
    • e-post: ingjerd.espe@domstol.no (hugs å oppgje telefonnummer / e-post der vedkomande som ynskjer vitnestøtte kan kontaktast)

Gjennomføring av rettsmøte

Frå tysdag 14. april (veke 16) gjennomfører Bergen tingrett ei avgrensa mengd med rettsmøte. Frå mai vil avviklinga av rettsmøte auka noko. Retten kontaktar partar og aktørar i alle saker der det skal gjennomførast rettsmøte som planlagd.

MEDDOMSRETTSSAKER

Planleggingsmøte i meddomsretttssaker
Bergen tingrett tek sikte på å gjennomføre planleggingsmøte (videomøte) i alle meddomsrettssaker. Så tidleg som mogeleg, og i god tid føre hovudforhandling, sender tingretten elektronisk møteinnkalling til aktor, forsvarar og ev. bistandsadvokat.

Målet med møtet er mellom anna å avklare

  •  om saka heilt eller delvis kan skje som fjernmøte eller med andre praktiske tilpassingar
  • om det kan gjennomførast fjernavhør av vitne
  • om saka treng tilpassing med omsyn til bevis og prosessform
  • om det er særskilde tilhøve av teknisk eller anna art knytt til stemning av tiltalte eller vitne
  • korleis hovudforhandlinga skal gjennomførast (dokumentasjon og anna)
  • om faktisk utdrag er tilstrekkeleg og kva tid ulik dokumentasjon skal førast

SIVILE SAKER 
Partar og aktørar blir kontakta for å drøfte alternative måtar å gjennomføre rettsmøta på, blant anna ved å nytte fjernmøteteknologi eller ved heil eller delvis skriftleg behandling. Dette blir tatt opp med aktørane i planmøte.

  • Nokre enkeltsaker blir prioriterte, etter kriteria i tvistelova og særlovgjevinga, sjå under.

Kva er prioriterte saker?
Prioriterte saker er saker der det etter ei konkret vurdering, er behov for relativt rask avgjerd som følgje av samfunnssikkerheit, betydelege samfunnsinteresser, lov og orden eller liv og helse, innan eitt av desse saksfelta:

  • Barnebortføringssaker (barnebortføringslova § 16 – utan opphald)
  • Tvistelova kapittel 36: Administrative vedtak om tvang mot personar (psykisk helsevern og barnevern)
  • Foreldretvistar der det hastar med mellombels avgjerd
  • Tvistelova kapittel 32-34: Saker om mellombels sikring

Vi ber om forståing for at vi må prioritere sakene som hastar mest. Vi vurderer kontinuerleg om det er mogeleg å gjennomføre rettsmøter på måtar som ikkje utset deltakarane for smittefare. Andre sakstypar enn dei som er nemnde ovanfor vil bli behandla etter kvart.  

Vanleg frammøteforkynning frå måndag 15. juni 

Frå måndag 15. juni vil frammøteforkynning skje på vanleg måte i Bergen tinghus.

Til toppen