Historie

Søre Sunnmøre sorenskrivarembete vart oppretta i 1798 ved at ein delte Sunnmøre sorenskrivarembete i Søre Sunnmøre og Nordre Sunnmøre sorenskrivarembete. Den første sorenskrivaren i Søre Sunnmøre sorenskrivarembete var Lauritz Weidemann. Lauritz Weidemann fekk embetet sitt med den dansk-norske kongen som belønning for faren, Lars Weidemann, sin innsats i Moltkekommisjonen. Moltkekommisjonen granska forholdet mellom bøndene og kjøpmennene og trelasthandlarane i Arendal. Arbeidet til Lars Weidemann resulterte i at handelshusa måtte inngå den første fellesfløtningsforeining i landet og kjøpmennene måtte betale erstatning tilsvarande 1000 kuer, til bøndene fordi dei hadde kravd for høg betaling for varer dei hadde selt på kreditt til bøndene. Styret i København lovte Lars Weidemann ei belønning, men han ønskte at sonen skulle få nyte godt av dette i staden og slik gikk det til at Lauritz Weidemann vart utnemnt til sorenskrivar her på Søre Sunnmøre i 1798. På den tida ønskte dei sentrale styresmaktene ein større nærleik til brukarane og livet på bygdene.

Lauritz Weidemann budde først i Ålesund på samme stad som sorenskrivaren for Nordre Sunnmøre, og han reiste rundt på Søre Sunnmøre for å utøve virket sitt som sorenskrivar. I 1846 fekk sorenskrivaren fast tilhaldstad i Volda. Sorenskrivar Bernt Christ. Torstenson flytta inn i sorenskrivarbustaden i Skrivarvegen som første sorenskrivar i 1846. I 1905, då Anton Vilhelm Carl Koren var sorenskrivar, vart den noverande sorenskrivarbygningen ferdig og innflyttingsklar. Fram til 1985 var det bustad for sorenskrivaren i store delar av huset, men i 1985 vart huset bygd om slik at det vart rettssalar i andre etasje og kontor for dei tilsette i første etasje. Slik er det også i dag.

I dag er det kommunane Volda, Ørsta, Sande, Herøy og Vanylven som høyrer til Søre Sunnmøre tingrett sin rettskrins. Fram til 1967 var også Hareid og Ulstein ein del av rettskrinsen til Søre Sunnmøre tingrett, men i 1967 vart desse flytta over til Sunnmøre tingrett sin rettskrins. Sunnmøre tingrett held til i Ålesund.