Om domstolen

Søre Sunnmøre tingrett held til i Skjervavegen 10, i Volda kommune. Vi held til i ein gammal trebygning som vart spesialbygd til sorenskrivar Anton Vilhelm Carl Koren som tok bygningen i bruk då den sto ferdig i 1905.  

Søre Sunnmøre tingrett er ein fullfagleg domstol, men vi handterer ikkje varetektsfengslingar. 1 1967 vart kommunane Ulstein og Hareid flytta ut av vår rettkrins og over i Sunnmøre tingrett sin rettskrins og i dag er det kommunane Volda, Ørsta, Herøy, Sande og Vanylven som tilhøyrer vår rettskrins.