Domstolar blir sambuarar

Vest-Telemark tingrett og Øvre-Telemark jordskifterett har styrka seg til neste strukturdebatt. Dei har flytt saman i kommunehuset i Kviteseid.

(Varden, 22. november 2008)

KVITESEID:
Dei to domstolane har halde til i same hus i ei årrekke, men i ulike etasjar. Då alle domstolar i Noreg blei underlagt det nyoppretta Domstoladministrasjonen i Trondheim (2006), kom samlokalisering skikkeleg på tale.

- Då styret i Domstoladministrasjonen kom med ynskje om at tingrett og jordkifterett skulle leggjast til same hus i fjor, var me alt i gang med å diskutere
spørsmålet. Nå er me dei fyrste i landet som er samlokalisert, fortel jordkifte-rettsleiar Svein Dag Midtsund.

Måndag var det offisiell åpning av dei nyoppussa lokala, med direktøren for Domstoladministrasjonen, Tor Langbach, til stades.

Sikker framtid
Saksmessig er dei to institusjonane adskilt, men dei deler resepsjon/ekspedisjon, og har felles møterom og pauserom.
- På den måten får me eit større og meir sosialt arbeidsmiljø, det er også viktig, meiner sorenskrivar Dag Bjørvik.

Den viktigaste bieffekten avsamlokaliseringa er likevel at begge instansane er betre rusta i framtidige strukturdebattar, for begge domstolane har overlevd fleire rundar med omleggingstrugsmål.
- Me har 15 års leigeavtale med kommunen, og med regjeringas nei til flytting frå
Kviteseid føler me oss trygge, seier Midtsund.

- Langbach roste kommunen for at dei har vore offensive i å få behalde domstolane her, fortel Midtsund.

Ni årsverk
Vest-Telemark tingrett dekker dei seks kommunane i Vest-Telemark, Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Seljord kom med i fjor då Nedre Telemark tingrett på Gvarv ble splitta opp. Øvre Telemark jordskifterett har i tillegg til Vest-Telemark ansvar for Tinn og Hjartdal.

Jordskifteretten har fem årsverk, mens tingretten har fire. Oppussing av lokala er det kommunen som står for, og utgiftene blir dekt av auka husleige.
- Då me hadde nye lokale i 1980, skreiv Varden at me var den finaste tingretten i landet. Nå er me nok det igjen, seier Bjørvik fornøgd.