Aktuelt

 

 

Årsmelding 2018

Felles årsmelding for Indre Hordaland jordskifterett og Nord- og Midhordland jordskifterett er klar. Denne syner at det har vore stor aktivitet i året som har godt og ein har fått slutta fleire saker enn det har kome inn. Ventetida har gått noko ned. Fokus på mekling har vore ein av tiltaka her. Årsmeldinga finn du her

Årsmelding 2017

Denne gongen er det ei felles årsmelding med Nord- og Midhordland jordskifterett. Grunnen til dette er at me har felles leiing og har eit utstrakt samarbeid på fleire områder. For Indre Hordaland jordskifterett har det vore eit år med god saksavvikling med 21 saker og pr no reknar ein med at dei fleste saker ved retten blir starta innan ein 7 - 10 mnd. Meir detaljar om årsmeldinga finn du HER

Årsmelding 2016

Årsmeldinga 2016 er klar og den syner at me no har klart å redusera ventetida for nye saker.

Sakshandsamingstida går ned

Årsmelding 2014 2014 har vore eit svært aktivt år og ein har fått redusert ventande saker med 10 frå 42 i 2013 til 32 ved utgangen av året. Samtidig har ein òg fått rydda unna dei eldste sakene, det vil sei at ein vidare framover vil få ei kortare sakshandsamingstid. Pågangen for nye saker i 2014 ligg noko over gjennomsnittlege antal årlege saker. Årsmelding 2014

Årsmelding for 2013

Indre Hordaland jordskifterett har hatt eit av sine mest aktive år når det gjeld slutta saker. Det er òg ny rekord i tilmeldte saker. Sjå årsmelding HER

Årsmeldinga for 2012 klar

Fortsatt god pågang av saker. Ein har slutta 2 fleire saker enn i fjor og behandlingstida for slutta saker er i snitt på 0,8 år. Meir om jordskifteretten finn de i fullstendig Årsmelding for 2012.