Om Øvre Telemark jordskifterett

statens_hus_omoss.jpg

Grensegang i Vinje

 

Jordskifteretten har kontor i Statens Hus i Kviteseid

Øvre Telemark jordskifterett er ein av to jordskifterettar i Telemark. Soknet omfattar kommunane Tinn, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje og dekker om lag 67% av arealet i Telemark fylke

Jordskifterettane har i hovudsak tilsette i tre stillingsgrupper; saksbehandlarar, ingeniørar og dommarar/dommarfullmektigar.

Øvre Telemark jordskifterett har dei seinare åra fått redusert  bemanning og har nå 5 årsverk: 
to dommarar, ein saksbehandlar og to ingeniørar.