Lokal historikk

Vest-Telemark jordskifterett vart etablert i Kviteseid på 1940-talet. I 2001 vart Tinn, Hjartdal og Seljord kommunar lagt under soknet vårt,og retten endra namn til Øvre Telemark jordskifterett. Jordskifteretten har i dag 6 tilsette og har kontor i Statens Hus i Kviteseid.

Fyrste jordskiftedommaren  i Vest-Telemark var Knut Moen, seinare professor i jordskifte ved Landbrukshøgskulen på Ås. Etter han kom Ola Buset, deretter Olav Norheim og så Hans Ruud. Svein Dag Midtsund var konstituert i stillinga midt på 1980-talet og har sidan 1989 hatt stillinga som dommar og kontorleiar fast.

Knut Moen
1942-1952

Ola Buset
1952-1961

Olav Norheim
1961-1984

Hans Ruud
1986-1989

Svein Dag
Midtsund