Rettleiing ved dødsfall

Foto: Adobestock

Har du spørsmål eller treng rettleiing i samband med eit dødsfall?

Sist oppdatert 22.04.2021.

Når vi har registrert dødsfallet (tar ca. 2-3 veker) – vil saksbehandlaren din sende e-post/brev til den som er oppført som næraste pårørande. Vi kan ikkje hjelpe deg før dette. Telefonnummer til saksbehandlar finn du i e-posten eller brevet du får frå tingretten. 

Dersom du (næraste pårørande) ikkje har fått e-post eller brev innan tre veker, ber vi om at du kontaktar oss på e-post eller telefon (sjå under).

Dersom avdøde hadde adresse i Kvam, Ullensvang, Eidfjord eller Ulvik så vil dødsfallet bli behandla av rettsstad Lofthus. Dersom avdøde var busett i en av andre kommunane i rettskrinsen, vil dødsfallet bli behandla av rettsstad Bergen.  

Dersom du treng rettleiing, får du rettleiing på telefon mellom kl. 10.00-14.00.
Telefonnummer finn du i brevet du har motteke frå tingretten. Der finn du òg kontaktinformasjon til saksbehandlar på saka.

Skjema må sendast inn i original. Dette gjeld også testament og ektepakt.

Alle bestillingar av dokument må skje skriftleg, i brev eller på e-post til Hordaland.tingrett@domstol.no. Bestilling av dokument frå avslutta saker kan ta opp til ein månad.

Dokument frå Bergen kommune før 01.01.2001 må bestillast hos Statsarkivet. 
Dokument frå gamle Nordhordland tingrett og tilhøyrande kommunar frå før 01.01.1991 må bestillast hos Statsarkivet.

Til toppen