Vitnestøtte

Vitnestøttene er frivillige frå Røde Kors som gir informasjon om kva du kan venta deg av å vera vitne i retten. Vitnestøttene skal ikkje diskutera saka du vitna i, men skal vera trygge og roande samtalepartnarar, både før og etter rettsmøtet.

Vitnestøtter er fysisk til stades i domstolen sine lokale måndag-fredag mellom kl. 09.30 og 15.00. Dei har eige kontor i 2. etasje, men driv også oppsøkjande arbeid rundt om i domstolen sine gangar og besøker vitne der dei sit. Vitnestøttene kan du kjenna att på ID-skilt.

Digital vitnestøtte:

I det digitale møterommet vårt kan du snakka med ei vitnestøtte måndag-onsdag mellom kl. 10.00 og 14.00. I dette lågterskeltilbodet har du ein privat samtale i eit sikkert digitalt møterom. Det er tilgjengeleg for vitne uavhengig av kva dato dei skal møta i retten.

For å snakka med ei vitnestøtte digitalt, trykk her for å få tilgang til det digitale møterommet:

vitne_button.png

Dersom du ikkje kjem inn i møterommet, kan det vera fordi det er opptatt. Ver vennleg og vent og prøv igjen litt seinare.

Dette er eit nytt tilbod, me arbeider stadig for å gjera det betre. Me set pris på tilbakemeldingane dine om der er noko du vil formidla.

Du kan også avtala samtale med vitnestøtte på førehand, enten fysisk eller digitalt. Det kan du gjera ved å kontakta:

      • Vitnestøttekoordinator Ingjerd Espe: Tlf. 55 69 97 36, eller e-post: ingjerd.espe@domstol.no eller;
      • Vitnestøttekontoret: Tlf. 55 69 95 26

Les meir om å vitna i retten her.

Les meir om Røde Kors vitnestøtte her.

Til toppen