Om Sogn og Fjordane tingrett

Sogn og Fjordane tingrett er førsteinstansdomstol for 17 av dei 18 kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Desse er Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Vik, Solund, Hyllestad, Høyanger, Askvoll, Fjaler, Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen.

Ved etableringa av tingretten per 1.juli 2017 var det om lag 108 000 menneske i rettskrinsen.

Domstolen har 18 tilsette, herav 8 dommarar og 10 saksbehandlarar inkludert administrasjonssjef. Domstolen har hovudsete i Førde. Tingretten har i tillegg bemanna rettsstad i Sogndal og tilnærma ubemanna rettsstad på Nordfjordeid. Tingretten er samlokalisert med jordskifteretten på alle rettsstadane.

Dei dømmande oppgåvene i Sogn og Fjordane tingrett er i hovudsak å avgjere straffesaker og å løyse privatrettslege tvistar. Forvaltnings- og registreringsoppgåvene er mellom anna registrering av dødsfall og notarialforretningar.

Kontaktinformasjon

Besøksadresse:  Hafstadvegen 46, 6800 FØRDE

Postadresse:      Postboks 85, 6801 FØRDE

Telefon:   55 69 43 00 Telefaks:  55 69 43 01

E-post:      tsofpost@domstol.no Internett:   www.domstol.no/sognogfjordane

Åpningstider i perioden 15. september til 14. mai: kl. 08.00 – 15.45
Åpningstider i perioden 15. mai til 14. september: kl. 08.00 – 15.00

Åpningstider jul- og nyttår
Julafta stengt
Romjul 10.00 - 14.00
Nyttårsafta stengt

Åpningstider påske
Onsdag før skjærtorsdag 08.00 - 12.00

 

Til toppen