Historie

Frå 1. januar 2005 vart Nordfjord tingrett, Sunnfjord tingrett og den vestlege delen av Ytre Sogn tingrett, med unntak av Gulen kommune slått saman til Fjordane tingrett med hovudsete i Førde. Den austlege delen vart slått saman med Indre Sogn tingrett og utgjorde frå same tidspunkt Sogn tingrett med kontorstad i Sogndal.

Frå 1. juli 2017 vart Sogn tingrett og Fjordane tingrett slått saman til Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde samt bemanna rettsstad i Sogndal og tilnærma ubemanna rettsstad på Nordfjordeid. Frå dette tidspunktet dekka Sogn og Fjordane tingrett 25 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane fylke. Etter fleire kommunesamanslåingar frå 1.1.2020 dekkar tingretten no 17 av dei 18 kommunane i "gamle" Sogn og Fjordane og Hordaland fylke til Vestland fylke frå 1.1.2020.

Namnet på tingrettane var før 1995 sorenskrivarembete. Nordfjord sorenskrivarembete vart etablert alt i 1592, Sunnfjord sorenskrivarembete i 1625, Ytre Sogn sorenskrivarembete i ca 1630 etter deling av Sogn sorenskrivarembete  som vart etablert i 1609. Desse domstolane har sidan dei vart etablerte, hatt sine kontor på ulike stader innan domssoknet. I historisk tid kunne det vere der sorenskrivaren ønskte å bu. Dei siste ti-åra før 2005 var Nordfjordeid kontorstad for Nordfjord tingrett. Sunnfjord tingrett hadde kontor i Førde, Høyanger var kontorstad for Ytre Sogn sorenskrivarembete og Sogndal for Indre Sogn sorenskrivarembete.

Sorenskrivarembeta (seinare tingrettane) er første instans i det norske rettssystemet (underretten). Frå 1591 har  sorenskrivaren hatt ein sentral plass som dommar i underrettane, og også som leiar av desse. På landsbygda var sorenskrivaren såleis dommar i første instans i nærast alle sakene. Han var dommar på bygdetinga. Frå 1927 (då domstollova og rettergangslova for sivile tvistemål frå 1915 vart sett i verk) vart bygdetinga erstatta av heradsrettane. Sorenskrivarane vart nå dommar i heradsrettane, og leiar av desse domstolane.

Etter den store rettargangsordninga i 1797 måtte sivile saker (tvistemål) først innom forliksrådet, slik som ordninga i hovudsak også er i dag. Frå 1890 (då jurylova frå 1887 vart sett iverk) tok lagmannsrettane seg av dei alvorlegaste straffesakane utan at desse først vart handsama av underrettane. Frå 1986 (då straffeprosesslova frå 1981 vart sett i verk) vart underrettane igjen første instans også for dei alvorlegaste straffesakene.

Etterkvart som saksmengda auka, vart det tilsett fleire dommarar i underrettane. Det var fullmektigar for sorenskrivaren eller fast tilsette dommarar (tingrettsdommarar). Også fleire sakshandsamarar vart etterkvart tilsette.

Kjelde: ”For rett og rettferdighet i 400 år – Sorenskriverne i Norge 1591-1991” (1991).

Til toppen