Koronatiltak

Domstolane er ei samfunnskritisk verksemd og vil avvikle så mange saker som mogleg samtidig som smittevern og tryggleik blir ivaretatt. Sogn og Fjordane tingrett tar sikte på å gjennomføre alle planlagde rettsmøte. Dersom eit rettsmøte blir avlyst, får du varsel om det. Mange rettsmøte blir gjennomført digitalt i virtuelle møterom. Du vil få nødvendig informasjon dersom du skal delta i rettsmøtet digitalt.

Nokre rettsmøte må likevel gjennomførast med fysisk oppmøte, heilt eller delvis. Då vil vi organisere dette for i størst mogleg grad å ivareta smittevern og hindre smittefare.

Ved oppmøte må du vere nøye med god handhygiene og hostehygiene og elles følgje råda frå Folkehelseinstituttet. Vi oppmodar våre besøkande om å bruke munnbind i fellesareal og elles der avstandskravet ikkje kan overhaldast.

Vi har spritdispensarar i lokala våre og har sett i verk ekstra reinhaldstiltak. Domstolen nyttar QR kode for registrering av alle som møter fysisk i domstolen. Du finn oppslag om dette i domstolen.

Utvalde sakstyper

  • Notarialforretningar: Retten utfører notarialforretningar etter nærare avtale. Ta kontakt på telefon 55 69 43 00 eller e-post tsofpost@domstol.no
  • Dødsfall, arv og skifte: Du kan få råd og rettleiing på telefon 55 69 43 00 (kl. 09.00-15.00) eller på e-post til tsofpost@domstol.no  
  • Deponere testament: Du kan sende testament i posten (Sogn og Fjordane tingrett, postboks 85, 6801 Førde)
  • Oppbod: Du kan sende krav om oppbod i posten eller på e-post til tsofpost@domstol.no Original må sendast i posten same dag. (Sogn og Fjordane tingrett, postboks 85, 6801 Førde)
  • Mellombels sikring/arrest: Advokatar nyttar Aktørportalen for å sende inn krav om mellombels sikring/arrest. Andre kan sende krav om mellombels sikring/arrest per e-post til tsofpost@domstol.no .Original må sendast i posten same dag.

Andre spørsmål?

Til toppen