Årsmelding 2020

Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Frå førstelagmannen

Foto: Bjørn Erik Larsen

Årsmelding 2020

Det har vore litt av eit år. Både i Gulating og elles i verda. Kvart år konkluderer me i lagmannsretten med at det har vore høg aktivitet og store endringar i domstolen vår - men det var før korona. Først no veit me kvar store endring eigentleg inneber. Dette året har me vorte utfordra i eit tempo og med ein intensitet som me tidlegare ikkje kunne drøymt om.

Då me midt i mars fekk pålegg om å stengja domstolen ned satte me straks i gang eit arbeid for å finna ut kva som skulle til for å opna igjen og driva vidare. I byrjinga var forvirringa stor. Korleis smitta viruset eigentleg, og kva smitteverntiltak måtte på plass før me kunne opna kontor og rettssalar? Då det etterkvart vart avklart at nøkkelordet var avstand knakk me mange tommestokkar under oppmåling av aktør- og dommarbord i lokala våre i Bergen, Stavanger og Haugesund. I dei fleste straffesaker deltek det sju meddommarar i lagmannsretten. Med så mange deltakarar var det ikkje mogleg å halda den avstanden som FHI påla oss på dommarbordet. Straksløysinga var å spreia dommarane utover i rettssalen. Etterkvart fekk me opp pleksiglas. No sit me i små båsar på dommarbordet og aktørane sit med god avstand på tilviste og nøye oppmålte plassar. Når det er forsvarleg nyttar me fjernmøteteknikk så mykje me kan. Så langt har smittevernet vårt vore effektivt.

Å stengja domstolen heilt ned gjorde me forresten aldri. Det var lokala me stengde, ikkje verksemda. Alt som kunne handsamast skriftleg haldt fram med stor styrke frå heimekontora. I Gulating jobba me før korona for det meste på bykontora våre og treivst med det. Då dei fleste plutseleg vart pålagt heimekontor var det mange som ikkje hadde utstyr til å jobba effektivt. Heldigvis var direktøren vår handlekraftig og fekk raskt på plass det som skulle til. Ei anna utfordring var signering av avgjerder, som etter kvart vart løyst med innføring av digitale signaturar.

I Gulating avviklar me nesten halvparten av sakene våre i Stavanger og har alltid vore ein reisande domstol. Tydelege restriksjonar knytt til reiser sette i byrjinga av pandemien ein midlertidig stoppar for reiseverksemda vår. Takka vera handlekraftige sakshandsamarar ved Stavangerkontoret vårt fekk me likevel avvikla saker frå Stavanger gjennom bruk av fjernmøteteknikk.

I løpet av våren, sommaren og tidleg haust fekk me oppgradert fjernmøteutstyret vårt kraftig og i mange rettssalar er den tekniske løysinga no av «Rolls Royce kvalitet» og flittig i bruk. Arbeidet med å vurdera om utvida bruk av fjernmøte og fjernavhøyr skal vidareførast etter pandemien er allereie i full gang. I Gulating er me positive til ei slik utvikling - men meiner det vil krevja fleire tekniske oppgraderingar og endå betre løysingar.

Me har i mange år hatt fokus på rettsmekling i Gulating. Då pandemien kom vart det raskt klart for oss at arbeidet med rettsmekling måtte intensiverast. Dei spesialiserte rettsmeklingsdommarane våre tok utfordringa og har endå eit år rettsmekla og forlikt ei stor mengd saker. Det er me svært nøgde med. Rettsmekling er ein svært viktig del av tvisteløysingstilbodet i domstolen og noko me kjem til å ha vedvarande fokus på.

Sjølv om me sidan i haust har hatt bortimot normal saksavvikling er det ikkje til å koma frå at nedstenginga i mars har sett sine spor i saksavviklingstala våre for 2020. Sakshandsamingstidene for 2020 er for lange. Me er difor svært glade for at det har kome midlar til ekstra dommarressursar frå Regjeringa. Det gjev oss god von om å koma attende der me var før pandemien, og på noko sikt innfri sentrale krav og mål for sakshandsaming i domstolane.

I denne årsmeldinga kan du lesa meir om dei digitale kvantespranga me har gjort under pandemien, korleis me har jobba med smittevern, kva pandemien har gjort med saksavviklinga vår og kva sorger og gleder me har opplevd på heimekontora.

Tilslutt: Når me trass pandemien har klart å halda drifta i gang skuldast det at me i Gulating har dedikerte og lojale medarbeidarar som i ei krevjande tid har jobba hardt og målretta under stadig skiftande regime.

Her som elles er det menneska bak som er viktigast og utgjer forskjellen.

Førstelagmann Magni Elsheim


 

Årsmelding 2019

Årsmelding 2018

Årsmelding 2017

 

Til toppen