Informasjon til meddommarar og aktørar i retten

Bilde fra rettsal
Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Hei, velkommen som meddommar!

Kommunen din har oppnemnt deg til vervet som meddommar for Gulating lagmannsrett for perioden 2021-2024. Meddommarar har ein svært viktig funksjon i rettsstaten, og det er sett på som ein garanti for rettstryggleiken at innbyggarane har innverknad og kan uttrykka rettsoppfatninga si ved rettsavgjerder.

Pga. pandemien kan vi dessverre ikkje halda informasjonmøte for meddommarane våre. 

https://www.domstol.no/meddommere   vil du finna mykje nyttig informasjon.

 

Presentasjon om domstolen og rolla til meddommarar.

 

Elektronisk innsending av krav om godtgjering og dekking av reiseutgifter.

Frå 1. april 2019 vart det obligatorisk å sende reiserekningar og krav om tapt arbeidsforteneste i domstolane via den nye sjølvbeteningsportalen. Dette erstattar det tidlegare SAP-skjemaet.

For å bruke sjølvbeteningsportalen, må Gulating lagmannsrett gje deg tilgang. Send e-post med saksnummer og kontonummer til:
gulating.selvbetjeningsportal@domstol.no
Du vil så (vanlegvis påfølgande døgn) motta ein e-post frå DFØ, og kan logga deg inn via mobilappen "DFØ" eller på DFØ sine heimesider:
https://dfo.no/kundesider/reiseregning/reiseregning-for-honorarmottakere

Første gong loggar du deg inn via ID-porten. Du kan bruke MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides for å logge inn.

For spørsmål om appen eller innlevering på PC, kontakt DFØ sitt kundesenter på telefon
400 18 659 eller på e-post: lonn@dfo.no.

Har du spørsmål om sjølve oppdraget eller administrative forhold kring dette, send e-post til gulating.selvbetjeningsportal@domstol.no eller ring 55 69 39 80.

Har du vanskar med å logge inn gjennom ID-porten, må du kontakte Difi.

For meir info: https://dfo.no/kundesider/reiseregning/reiseregning-for-honorarmottakere

Kvitteringar og andre bilag
For å kunne godkjenne utbetalinga, må du leggje ved alle naudsynte kvitteringar og bilag.
• Kvitteringar for utgifter til reise (Det er ikkje krav om kvitteringar for billegaste offentlege transport, føres med 12% mva)
• Bekreftelse på tapt arbeidsforteneste
• For fagkunnige meddommarar legges i tillegg timeliste til honorarkravet
Andre opplysningar
• Reiserekning: legg inn saksnummer i feltet "Årsak/formål".
• Honorar: legg inn saksnummer i feltet "Merknader".

Til toppen