Om Gulating lagmannsrett

Bilde fra Gulating lagmannsrett, kunst på vegg
Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Gulating lagmannsrett er ein av seks ankedomstolar i Norge. Domstolen har sete i Bergen. Lagdømet omfattar Vestland og Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak å ta stilling til privatrettslege tvistar og gje dom i straffesakar.

For å førebyggje smitte av koronaviruset held Gulating lagmannsrett stengt for besøkande og skuleklassar inntil vidare.

I straffesaker frå Vestland er Bergen rettsstad. I straffesaker frå Rogaland er Stavanger rettsstad. Når det er tenleg for saka kan lagmannsretten også sette rett andre stader. I sivile saker er det faste rettsstadar for kvart lagsokn i sivile saker.

Mange av sakene i Rogaland vert avvikla i Stavanger, der lagmannsretten har eigne kontor og tre rettssalar i 3. etasje i Stavanger tinghus. Lagmannsretten har også lokale i Handelens Hus i Kongsgaten 10.

Opningstid: 08.30-15.00

Telefonsentralen blir betjent kvar dag i tidsrommet kl. 08.00 – 15.00.

Telefon: 55 69 39 00 
Gulatings plass 1, Bergen
Postadresse: Postboks 7414, 5020 Bergen

E-post: gulating@domstol.no

Telefon Stavangerkontoret: 51 29 90 80
Kontoret i Stavanger held stengt i rettsferien frå 1. juli til og med 15. august.



Klassebesøk

Skuleklassar kjem ofte på besøk til ein domstol for å følgje ei rettssak. Vi vil gjerne gjere vårt for at elevanes utbytte skal bli best mogleg. Mellom anna vil vi finne fram til ein passande dato for besøket, ei eigna rettssak som går over ein dag og ein rettssal som er stor nok til å romme heile klassen.
Når tidspunktet er avtalt, vil læraren i klassen få tilsendt praktiske opplysningar. For at førebuingar og planlegging kan skje på beste måte, bør bestilling skje i god tid og helst eit par månader før besøket.


Årsmeldingar for Gulating lagmannsrett:

 

2020 2019 2018 2017  2016  2015  2014  2013 2012 2011

Til toppen