Notarialstadfesting Hordaland tingrett

Rettsstad Bergen har innført timebestilling på utføring av notarialforretningar frå 12.10.2020.

Gå inn i kalendaren og bestill time.

Dersom du har meir enn fem dokument som skal stadfestast, må du bestille dobbelttime.

Rettsstad Hardanger: For notarialstadfesting på Lofthus (Ullensvangvegen 855, 5781 Lofthus) treng du ikkje bestilla time. Ring oss gjerne på tel 53 67 00 80 først.

Dette er lurt å tenka på:

  • Tingretten kan ikkje notarialstadfesta alle typar dokument. Kontakt oss slik at me kan avklare dette.
  • For stadfestingar som krev at du identifiserer deg, krevst det pass, eller norsk id med bilete, signaturtrekk og fødsels- og personnummer.
  • Dei lokale lensmenn kan utføra visse typar notarialstadfesting. Ta kontakt med ditt lokale lensmannskontor for å bestilla time der.

For meir informasjon om notarial, sjå domstol.no.

Til toppen