Om Hordaland tingrett

Stortinget har bestemt at Bergen tingrett og Hardanger tingrett skal slåast saman til Hordaland tingrett. Den nye domstolen dekker 18 kommunar, og vert etablert frå måndag 26. april 2021. Meir enn 470.000 innbyggarar får ein felles domstol.

Hordaland tingrett har ca. 96 stillingar og vil fortsetje å ha rettssaker både i Bergen, på Lofthus og andre stadar i rettskrinsen. Det er den nest største domstolen i Noreg.  

Hordaland tingrett får to fast bemanna rettsstadar, rettsstad Bergen og rettsstad Lofthus. Det vert felles telefon, e-post og nettstad, og du vil finne undersider for begge rettsstadane der informasjonen til publikum er ulik. Administrasjonsspråket vil framleis vere nynorsk.

Fakta om Hordaland tingrett frå 26.4.2021

Atten kommunar soknar til domstolen: Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Ankedomstol for Hordaland tingrett er Gulating lagmannsrett

Postadressa er postboks 7412, 5020 Bergen, e-postadresse er Hordaland.tingrett@domstol.no

Ny nettstad: www.domstol.no/hordaland

Til toppen