Straffutmåling - valdtekter

25.04.2002, 2001/1542, straffesak, anke
Straffeloven §§ 192, 195 og 196
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)
Schei, Gjølstad, Zimmer, Coward og Smith

Ankesaka galdt anke frå domfelte over straffutmåling for valdtekter overfor tre kvinner, den eine ei jente på knapt 13 år, samt fleire tilfelle av samleie med denne jenta da ho var under respektive 14 og 16 år. Heradsretten og lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i 5 år. Lagmannsretten hadde i tillegg gitt fullmakt til å nytte sikring etter straffeloven § 39 nr. 1 bokstavane a og b. Høgsterett forkasta samrøystes anken.

Valdtektene var grove, med valdtekta mot den 13 år gamle jenta som det mest graverande. Overgrepa mot henne var gamle - frå 1984 til 1987 - og ei av dei andre valdtektene var frå 1993. Domfelte hadde blant anna ved trugsmål og manipulering fått ei kontrollerande makt over dei kvinnene han gjorde seg skyldig i overgrep mot. Det var ein viktig del av bakgrunnen for at forholda ikkje var blitt avslørte tidlegare. Når ein såg på dette, kunne tida som var gått, berre tilleggjas avgrensa tyding. Tida på 3 år frå siktinga til dommen var sagt i første instans, måtte derimot tilleggjas vekt i domfeltes favør. Det blei peika på at det på dette området har skjedd ei monaleg utvikling i straffutmålingspraksis i dei seinare åra, og at ei samanlikning med eldre dommar derfor har ein agrensa verdi. Men også uttala at det var vanskeleg å gi det endra synet på straffutmålinga fullt gjennomslag overfor dei eldste forholda, som skreiv seg frå 1984 til 1987. Det var også anka over sikringsfullmakta. Denne måtte utgå, jf. lov 17. januar 1997 nr. 11 II punkt 2.
Til toppen