Erstatning for byggjegrense mot offentleg veg

18.01.2002, 2001/583, sivil sak, anke
Plan- og bygningsloven § 32 nr. 1
Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marianne Olssøn) mot A, B og C (advokat Tor N. Rekve)
Gjølstad, Gussgard, Rieber-Mohn, Stang Lund og Dolva

Saka galdt krav på erstatning for byggjegrense langs offentleg veg, jf plan- og bygningsloven § 32 nr. 1 om at det skal betalas erstatning dersom ein reguleringsplan med slik byggjegrense medfører at ein eigedom blir øydelagd som eigedom og "den heller ikke kan nyttes på annen regningssvarende måte".

I overskjønn som galdt gjennomføring av reguleringsplan for E39, som var lagt i bru over ankemotpartanes eigedom i Sandnes, var det semje om at ein del av eigedommen - ca. 2,3 dekar - var øydelagd som byggjetomt som følgje av byggjeforbodsgrense langs vegen. Gulating lagmannsrett la til grunn at det på ein annan del av eigedommen kunne oppføras næringsbygg med samla nytteareal 15 000 kvm. Eigedommen utgjorde samla ca. 23 dekar og var i kommuneplan utlagt til næringsformål. Lagmannsretten uttala at dersom avkastninga av den busetnaden som kan føras opp, og/eller anna utnytting av eigedommen etter reguleringa er stor nok til å forrente verdien til eigedommen ut frå ei pårekneleg utnytting før reguleringa, kunne eigedommen utnyttas rekningssvarande. Avkastninga av grunnverdien burde svare til ordinær avkastning av bankinnskot, for tida 7 %. Ut frå ein tomtekostnadsanalyse kom lagmannsretten til at ei utbygging med 15 000 kvm i utgangspunktet måtte kunne sjås på som rekningssvarande, men når også ulemper ved planlagt utviding av veg og bru blei trekt inn, konkluderte retten med at utbygginga av eigedommen ikkje lenger ville kunne skje rekningssvarande når dette vert samanhalde med pårekneleg utnytting før reguleringa. Overskjønnet blei oppheva på grunn av urett rettsbruk. Vurderinga etter plan- og bygningsloven § 32 nr.1 skal ikkje byggje på ei samanlikning mellom den utnyttinga som var pårekneleg før reguleringa og utnyttinga etter reguleringa. Det skjønnsretten skal vurdere, er om eigedommen, slik han framstår etter reguleringa, i det heile teke kan nyttas på ein rekningssvarande måte. Lagmannsretten hadde bygd på urett forståing av § 32 nr.1 ved å stille krav om at busetnaden etter reguleringa skal vere stor nok til å forrente verdien til eigedommen ut frå ei pårekneleg utnytting før reguleringa. Det var også urett rettsbruk i dette tilfellet å trekkje inn framtidige ulemper ved vegen og brua.
Til toppen