Hemmeleg fjernsynsovervaking

06.12.2002, 2002/553, straffesak, anke
Straffelova § 390b (no oppheva)
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Hoel)
Utgård, Gussgard, Coward, Mitsem og Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om fjernsynsovervaking av tilsett var strafflagt etter den no oppheva føresegna i straffelova § 390b. A hadde mistanke om at ein tilsett i urmakarforretninga gjorde underslag i kassa i forretninga. Han fekk derfor sett opp eit hemmeleg fjernsynskamera, som han brukte til å ta 6 opptak, kvart på 3 timar, over ein tomånaders periode. For dette fekk han eit førelegg frå politiet på ei bot på 1000 kroner for brot på forbodet mot skjulte fjernsynsopptak, utan at desse var varsla ved skilt eller på annan måte. Den tilsette har fått eit førelegg på bot på 10 000 kroner for underslag, som ho har vedteke.

Høgsterett går gjennom lovhistoria og førearbeida til straffelova § 390b. Det blir mellom anna vist til den avveginga som er i førearbeida av føremonene ved slike opptak opp mot personvernet for den einskilde tilsette. Kravet om varsling av overvakinga er ein sentral følgje av denne avveginga. Også overvaking som gjeld etterforsking av ei konkret sak går inn under forbodet i lova. Dette er såleis særskilt nemnt i lovførearbeida. Omfanget av opptak i saka var slik at det gjekk inn under forbodet mot "vedvarende eller regelmessig" overvaking. Ei slik forståing av lovteksten hadde også støtte i lovførearbeida. Unntak for kravet om varsling gjaldt "enkeltstående" hendingar, og var også ei avgrensing ut frå praktiske omsyn. Ikkje noko av dette var aktuelt i denne saka. Naudverje kunne ikkje føre til frifinning, då A kunne ha hindra vidare strafflagde handlingar av det aktuelle slaget ved å setje opp eit varsle om overvakingskamera. Reglane i straffelova § 390b var greie å finne fram til, og domfelte opplyste at han sjølv såg det slik at handlingane var i eit grenseland for det som var lovleg. Det kunne då ikkje bli frifinning på grunn av unnskyldeleg rettsvillfaring. Høgsterett viste til at lovgivaren hadde gjennomført ei avveging av dei motstridande interessene i denne type saker. Det ville også vere tilfeldig om ei slik overvaking som i saka her, ville avsløre strafflagde handlingar. Bruken av hemmeleg overvaking kunne då ikkje vere opp til den einskilde privatpersonen sitt skjønn.
Til toppen