Høveleg gratis husrom

29.05.2002, 2001/548, sivil sak, anke
Odelslova § 39
Aagot Finstad (advokat Olav Felland) mot Johan Ødegaarden (advokat Gerhard Sanderød)
Utgård, Stang Lund, Schei, Gussgard og Aasland

Saka gjaldt spørsmålet om attlevande ektemake har rett til høveleg gratis husrom i medhald av odelslova § 39, ved odelsløysing av ein eigedom med berre eitt husvære. Attlevande ektemake - Aagot Finstad - var 70 år då ektemannen døydde. Odelssøkjaren Johan Ødegaarden var 77 år og i institusjon av helsegrunnar. Han kunne ikkje flytte til eigedommen, men hadde ei dotter på om lag 50 år som var interessert i å ta over.

Ved taksten kravde Aagot Finstad rett til å bu i husværet på eigedommen i medhald av odelslova § 39, medan Ødegaarden var viljug til å la henne bu der på avtalegrunnlag. Lagmannsretten sette taksten til 1 200 000 kroner og frådraget i denne takstsummen for buretten vart sett til 150 000 kroner. Dersom ho hadde krav på gratis husrom skulle det ikkje gjerast noko slikt frådrag, medan dette skulle gjerast dersom ho hadde burett på avtalegrunnlag. Høgsterett kom til at Finstad ikkje hadde burett etter odelslova § 39. Med utgangspunkt i formuleringar i Ot.prp. nr. 59 for 1972-73 på side 59 kom Høgsterett til at overtakaren må ha prioritet føre attlevande ektemake, i dei tilfella der det berre er eitt husvære på eigedommen. I normaltilfella, der overtakaren tenkjer å bu på eigedommen, vil det berre kunne seiast at det finst høveleg husrom på eigedommen der det er ei kårbygning eller eit anna særskilt husvære. Dette måtte også gjelde ved unntak frå normalsituasjonen, i det spørsmålet må vurderast objektivt. Buretten for attlevande ektemake etter § 39 vil gjelde utan tidsgrense, og ein eventuell burett vil også kome til å gjelde overfor overtakarane sine rettsetterfølgjarar, som kan vere livsarvingane etter han eller som kan vere odelsløysarar. Dette gjorde det vanskeleg å vurdere situasjonen annleis i denne saka, enn der overtakaren er i stand til å flytte til eigedommen. Omsynet til attlevande kan heller ikkje tilseie ulik løysing ut frå om løysaren i det konkrete tilfellet er i stand til å flytte til eigedommen eller ikkje. Høgsterett viste også til reglane om bu- og driveplikt for overtakarar av landbrukseigedommar, og uttala at det ville vere lite naturleg om desse reglane måtte vike for føresegna om burett. Løysaren kunne til vanleg heller ikkje ha plikt til å søkje om fritak for buplikta.
Til toppen