Ikkje overføring til tvunge psykisk helsevern

07.06.2002, 2002/360, straffesak, anke
Straffeloven § 39
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Harald L. Grønlien)
Stang Lund, Lund, Coward, Utgård og Aasland

A blei i 1995 dømd til sikring i fem år etter dagjeldande § 39 nr. 1 bokstavane a-f, blant anna for fleire grove ran med bruk av våpen gjort under sinnssjukdom. I samband med ny sikting for fleire lovbrot etterat sikringa i november 2000 var gått ut, konkluderte dei rettspsykiatrisk sakkunnige med at han ikkje var sinnssjuk. Men han hadde framleis mangelfullt utvikla og varig svekte sjelsevner, og det var fare for gjentaking av straffbare handlingar. Byretten dømde han til fengsel i eitt år og fire månader og tre års sikring etter bokstavane a-f for brot på blant anna straffeloven § 162 første og andre ledd, § 127 og § 228 første ledd.

A anka over straffutmålinga og sikringa. Under saksførebuinga for lagmannsretten oppstod det tvil om han var tilrekneleg. Dei rettspsykiatrisk sakkunnige konkluderte nå med at han hadde vore psykotisk på tidspunktet for dei straffbare handlingane. Under ankeforhandlinga svara lagmannsretten ja på at A, mens han var psykotisk, hadde brote dei same føresegnene som byretten hadde dømt han etter. Ved handsaminga av reaksjonsspørsmålet la møtande aktor og forsvarar ned samanfallande påstandar om at A skulle frifinnas. Partane var også einige om at han ikkje kunne dømmas til overføring til tvunge psykisk helsevern. Likevel kom fleirtalet (meddommarane) til at vilkåra etter straffeloven § 39 for overføring til tvunge psykisk helsevern låg føre. A anka til Høgsterett, som fann at overføring til tvunge psykisk helsevern ikkje kunne idømmas. Han var nå ikkje dømd for eit alvorleg brotsverk som krenkte eller utsette for fare andres liv, helse eller fridom, slik at § 39 nr. 1 kunne nyttas. Høgsterett var einig med lagmannsrettens fagdommarar og partane i at det ikkje kunne leggjas til grunn at det etter same føresegn nr. 2 var "nær samanheng" mellom dei grove rana som A blei dømd til sikring for i 1995, og lekamsfornærming mot ein vakthavande lege på ein psykiatrisk avdeling under framstilling frå varetekt til observasjon.
Til toppen