Kollektiv pensjonsforsikring avvikla ved fusjon

09.12.2002, 2002/200, sivil sak, anke
Arbeidsmiljølova § 73 B nr. 3
Ellinor Bakken mfl. (advokat Rune Lium) mot Haakon Detalj AS (advokat Lars Holo) Hjelpeintervenient: Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (advokat Magne Mjaaland)
Mitsem, Utgård, Gussgard, Coward og Gjølstad

Saka galdt spørsmålet om ei verksemd var forplikta til å oppretthalde ei kollektiv pensjonsforsikring. Hakon Nord AS fusjonerte i 1999 med andre selskap i Hakon Gruppen AS. Hakon Nord AS hadde ei kollektiv pensjonsforsikring for dei tilsette, som blei avvikla ved fusjonen. Dei pensjonsrettane som alt var opptente, kom til uttrykk gjennom individuelle fripolisar.

Arbeidstakarane gjorde gjeldande at avviklinga var urettkomen, prinsipalt fordi pensjonsordninga var ein del av dei individuelle arbeidsavtalane, subsidiært fordi avviklinga skjedde på ein tariffstridig måte. Verksemda avviste dette, og gjorde dessutan gjeldande at ordninga fall bort som følgje av fusjonen, jf. arbeidsmiljølova § 73 B nr. 3 og Rt. 1997 side 1965, Stavanger Catering. Høgsterett kom, som byretten og lagmannsretten, til at kravet til arbeidstakarane ikkje kunne føre fram. Pensjonsordninga var etablert einsidig av verksemda i samband med eit låneopptak i 1978. Den var aldri nemnd i drøftingar eller forhandlingar mellom verksemda og dei tilsette, og det var heller ikkje noko som tydde på at det blei vist til ordninga ved nytilsettingar. Det var ingen tvil om at verksemda meinte den hadde rett til einsidig å endre ordninga - som da ytingane blei redusert i 1992 - eller til og med å oppheve ho. Det var heller ikke noko som tydde på at dei tilsette eller deira tillitsvalde i åras løp hadde hatt ei anna oppfatning. Det var rett nok teke inn ein passus om ordninga i enkelte av arbeidsavtalane, med dette blei ikkje funnet godt nok til å etablere eit ansvar for verksemda. Sidan dei individuelle arbeidsavtalane ikkje avskar verksemda frå å avvikle pensjonsordninga, var det unødvendig å ta standpunkt til om ho under alle omstende ville falle bort som ein konsekvens av fusjonen. Utsegnene om at avviklinga skjedde på ein tariffstridig måte, førte heller ikkje fram. Det var rett nok mogleg at verksemda hadde forsømt ei plikt til å drøfte på førehand opphevinga av ordninga med dei tillitsvalde. Eventuelle brot på drøftingsplikta kunne forfølgjas etter reglar i Hovudavtalen, men førte ikkje med seg noka plikt for verksemda til å føre vidare ei ordning som ho stod fritt til å avvikle.
Til toppen