Odelsloven

24.01.2002, 2000/1456, sivil sak, anke
Odelsloven § 1 jf. § 23
Else Kvaalen (advokat Olav Felland) mot Olav T. Kvaalen (advokat Trine Buttingsrud Mathiesen)
Stabel, Flock, Tjomsland, Aarbakke og Gjølstad

Saka galdt spørsmålet om ein eigedom var odlingsjord etter odelsloven § 1 jf. § 23. Eigedomen Gisløys i Vinje kommune er ein fråflytta fjellgard på ca 20 000 dekar, som ligg mellom 700-1 300 m.o.h. 23 dekar er beitemark og 3 150 dekar er skog, av dette ein furuteig på 600 dekar. Eigedomen blei fråflytta i 1947, og det har ikkje vore drive landbruk sidan det. Bortsett frå nokon hogst på 1950-talet, har skogen aldri vore driven.

Det var semje mellom partane om at eigedomen må vurderas som ein rein skogbrukseigedom, og at arealkravet i odelsloven § 2 er oppfylt. Høgsterett kom, i motsetning til heradsretten og lagmannsretten, til at kravet i odelsloven § 1 om at eigedomen skal kunne nyttas til landbruksdrift, ikkje var oppfylt. Uttala at det, sjølv om eigedomen tilfredsstiller arealkrava i § 2, må gjeras ei konkret vurdering av om kravet til å kunne nyttas til landbruksdrift er oppfylt. Årleg bidrag frå skogen ville ifølgje sakkunnige berekningar ikkje utgjere meir enn mellom ca. 3 000 og 5 000 kroner pr. år. Med tilvising til fråsegner i Rt. 1998 side 450 (Vesterøya) og Rt. 2001 side 561 (Nordtveiten) blei det ikkje funne pårekneleg at ein fornuftig kjøpar ville overta eigedomen med sikte på inntekter på dette nivået. At optimal drift tilsa uttak berre kvart 10.til 15. år, blei det ikkje lagt vekt på, det avgjerande måtte vere om inntektene omrekna på årsbasis ville vere på eit tilstrekkeleg nivå, noko dei ikkje ville vere her.
Til toppen