Promille- og narkotikapåverka båtførar

09.04.2002, 2001/1455, straffesak, anke
lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåtar § 33 jf. § 37
a (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kjell Boye)
Rieber-Mohn, Gjølstad, Coward, Stabel og Smith

Ein 38 år gammal mann, med eineomsorga for ei cerebral parese-ramma og sterkt hjelpetrengande dotter på 5 år, blei i forhøyrsretten dømd til 21 dagars fengsel på vilkår og 3 000 kroner i bot for brot på loven om fritids- og småbåtar § 33, jf. § 37 og for bruk av narkotika - amfetamin, ecstasy og kokain.

Det alvorlegaste forholdet galdt kjøring med ein lånt 21 fots båt med 300 hk motor i ei fart av 60 knop, mens den dømde var påverka av alkohol (minst 1,13 promille) og dei nemnde narkotiske stoffa. Den dømde og passasjeren blei slengde over bord og låg respektive 20 og 40 minutt i sjøen før dei blei redda. Lagmannsretten skjerpte straffa til 21 dagars fengsel utan vilkår. Ved utmålinga av straffa blei det lagt vekt på eineansvaret til den dømde for dottera. Høgsterett fann ikkje å kunne dømme til samfunnsteneste eller gjere fengselsstraffa på vilkår. Men straffa blei sett ned til minimum - 15 dagars fengsel, jf. straffelovens § 62. Den dømdes ekstraordinære omsorgssituasjon var grunnlaget for at straffa blei sett ned. Uttala at fengselsstraffa ville ha blitt vesentleg lengre om denne situasjonen ikkje hadde lege føre.
Til toppen