Rygga lastebil - påkjørsel med døden til følgje

03.12.2002, 2002/880, straffesak, anke
Straffelova § 239 og vegtrafikklova § 31 jf. § 3
A (advokat Edvard T. Eide) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tor-Geir Myhrer)
Støle, Stgabel, Lund, Tjomsland og Schei

Saka galdt påkjørsel av person med døden til følgje under rygging av lastebil. A var av lagmannsretten dømd til fengsel utan vilkår i 60 dagar for brot på straffelova § 239 første straffalternativ og vegtrafikklova § 31 første ledd jf. § 3. Anken galdt lovbruken under skyldspørsmålet, saksbehandlinga og straffutmålinga.

Anken blei forkasta. Høgsterett la til grunn at føresegna i trafikkreglanes § 11 om rygging og vending representerer ei normering av plikta til å vere aktsam for førar av motorvogn under rygging. Norma for aktsemd er streng. Rettstilstanden blei oppsummert slik: Generelt knyter det seg så vidt stor risiko til rygging at det lett vil bli statuert straffansvar ved personskade dersom skaden ikkje kan seias å vere eit resultat av ein ekstraordinær hendingsgang utanfor førarens kontroll. Endringa 15. juni 2001 av straffelova § 239 var etter førearbeida meint å omfatte "den lave uaktsomhetskategori". Denne er karakterisert ved "et øyeblikks uoppmerksomhet eller feilfordeling av oppmerksomheten", jf. avgjerda innteken i Rt. 2002 side 190. Saka fall utanfor det nedkriminaliserte området. Domsgrunnane var gode nok til å fastslå dette, og det fekk da ikkje noko å seie at lovendringa ikkje var drøfta av lagmannsretten. Det låg føre årsakssamanheng mellom den aktlause handlinga og dødsfølgja, og A burde etter omstenda ha innsett sjansen for at rygging slik ho blei gjort, kunne føre til ei dødsulykke. Straffa blei ståande uendra.
Til toppen