Samfunnsteneste - lekamsskade med kniv

07.06.2002, 2002/286, straffesak, anke
Straffelova § 229
A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (Pål K. Lønseth)
Lund, Coward, Utgård, Stang Lund, Aasland

Saka galdt straffutmåling for lekamsskade med kniv gjort av ein gut på 15 år og 10 månader. Han var i lagmannsretten dømd til fengsel i eitt år, og av det blei 8 månader gjort til dom på vilkår under tilsyn av Kriminalomsorg i frihet. Han anka til Høgsterett for å få samfunnsteneste og fekk medhald.

Den dømde drog saman med ein kamerat til skolen der den krenkte - ein jamngammal gut - gjekk, for å banke han opp. Den dømde slo han fleire gonger i andletet og på kroppen og slo deretter eit svingslag med høgre hand, der han heldt ein sjølvlaga kniv med ca fem cm. langt knivblad. Slaget trefte den krenkte i ryggen og gav han eit ca. 2 cm. langt kutt. Han blei utskriven frå sjukehuset dagen etter og var borte frå skolen ei veke. Høgsterett sa seg einig med lagmannsretten i at hendingsgangen spegla ein valdeleg ungdomskultur, der gjerningsmennene ofte er mindreårige og bruk av kniv er eit monaleg problem, og at det, sjølv når gjerningsmannen ikkje er eldre, også ved ei så alvorleg enkeltståande valdshandling er behov for ein streng reaksjon. Med den risikoen for skadeverknader som fengsel normalt inneber for så unge menneske, vil det likevel måtte gis rom for unntak når dette vert tilsagt av særlege omstende. Høgsterett fann at slike omstende låg føre. Ved å gjennomføre eit strukturert behandlingsoplegg over eit lengre tidsrom hadde den dømde vist ein sterk vilje til å få bukt med dei valdelege tendensane og bryte ei faretrugande utvikling. Livssituasjonen hans var også vesentleg endra. Omsynet til å unngå ny kriminalitet talte sterkt for at reaksjonen blei fastsett i form av samfunnsteneste med oppfølging frå friomsorgen. Omsynet til den alminnelige lovlydnad kunne ikkje vere til hinder for dette.
Til toppen