Samleie med sovande ungjente

26.06.2002, 2002/309, straffesak, anke
Straffutmåling. Straffeloven § 193 første ledd - før livendring 11. august 2000 - og § 196 første ledd
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Randi Gabrielsen) mot A (advokat Arne Meltvedt)
Lund, Tjomsland, Zimmer, Matningsdal og Schei

Ein 43 årig mann hadde sete og drukke saman med ei jente på 15 år og 10 månader før ho gjekk og la seg. Ho vakna av at den dømde hadde samleie med henne, skreik opp, og han trekte seg da tilbake. Etter å ha blitt frifunnen i heradsretten, blei den dømde i lagmannsretten dømd til fengsel i 8 månader, av dei 120 dagar utan vilkår.

Påtalemakta anka over straffutmålinga. Høgsterett kom til at straffa måtte skjerpas vesentleg, viste til alvoret i brotsverket og til seinare års uttalte og utbreidde rettsoppfatningar om skjerping av straffene for grove seksualbrotsverk - etter lovendring 11. august 2000 vert samleie med sovande person vurdert som valdtekt. Fleirtalet i Høgsterett (4) sette straffa til fengsel utan vilkår i eitt år. Det blei vist til tidlegare praksis og til at skjerping av straffa før lovendringa ville måtte skje gradvis. Mindretalet meinte at straffa burde setjas til fengsel i eitt år og seks månader; dette ville betre reflektere behovet for straffskjerpingar, utan å føregripe lovendringa i 2000.
Til toppen