Samleie med to yngre jenter - straffutmåling

24.06.2002, 2002/459, straffesak, anke
Straffelova §§ 195 første ledd andre straffalternativ og 196 første ledd. Straffutmåling
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs)
Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad, Tjomsland og Smith

A, som på gjerningstida var 21 år og 8 til 9 månader gammal, var domfelt for å ha hatt samleie med to jenter i mai-juni 2000. A vanka saman med ein kamerat i eit ungdomsmiljø med yngre jenter. I tilknyting til det som kunne oppfattast som kortvarige kjærasteforhold, hadde han samleie med dei to jentene. Han hadde først 27. mai samleie med den yngste av jentene, som då var 13 år og 11 månader. Få dagar etter dette innleidde han eit forhold til ei anna jente, som han hadde minst fem samleie med i perioden mai-juni. Ho var då 15 år og 2 til 3 månader.

Høgsterett la til grunn at domfelte hadde utnytta situasjonen til å skaffe seg samleie med dei to jentene. Det vart samstundes vist til at det her var tale om utglidingar i eit ungdomsmiljø, og ikkje om utnytting frå eldre personar eller frå nokon som den krenkte stod i eit særleg tillits- eller omsorgsforhold til. Det vart vist til at domfelte hadde nekta å vedgå dei faktiske omstenda i saka, og med det utsett dei krenkte for påkjenninga ved kanskje ikkje å bli trudde. I straffskjerpande lei vart det også vist til at domfelte ikkje nytta prevensjon og med det utsett dei krenkte for risiko for graviditet og sjukdom. Saka vart vurdert i høve til avgjerda i Rt. 2001 side 1354 der ein 26 år gammal mann vart dømt til fengsel i 1 år - av det 6 månader på vilkår - for samleie med ei jente på 13 år og 8 månader, som han hadde hatt samleie med etter å ha kome i kontakt med henne på Internett. Det vart lagt til grunn at det i den saka i større grad var tale om utnytting enn i saka her. Straffa vart - som i lagmannsretten - sett til fengsel i 1 år og 3 månader. Høgsterett fastsette at 10 månader skulle vere på vilkår, medan lagmannsretten hadde gitt 3 månader på vilkår.
Til toppen