Seksuell omgang med barn under 16 år

24.06.2002, 2002/296, straffesak, anke
Straffelova § 196 første ledd - Straffutmåling etter lovendring 11. august 2000
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)
Gjølstad, Tjomsland, Utgård, Oftedal Broch og Smith

Etter å ha kjent to jenter i kort tid, tok den dømde initiativ til og oppnådde å få dei med seg heim, der dei låste seg inne på rommet hans. Den dømde var 21 år, jentene respektive 14 år og 2 månader og 15 år og 9 månader. Den dømde slikka kjønnsorgana til båe jentene og førte ein finger inn i skjeden deira. Han freista også å gjennomføre samleie med den yngste.

Byretten dømde han til 75 dagar fengsel på vilkår som ei fellesstraff med ein tidlegare dom på vilkår for formuesbrotsverk. Lagmannsretten fann at det burde utmålas ei særskild straff for seksualbrotsverka og sette straffa til fengsel utan vilkår i 30 dagar. Lagmannsretten viste blant anna til fråsegner i førearbeida til lovendring av 11. august 2000. Høgsterett forkasta anken til den dømde over straffutmålinga, blant anna ut frå alderen til den yngste jenta og at framferda hadde noko preg av utnytting. Avgjerda inneheld fråsegner om lovendringa og merknader om fråsegnene i førearbeida om heving av nivået for straffutmåling i slike saker. Sjølv om det ikkje skjedde realitetsendringar i § 196 første ledd ved lovendringa, blei fråsegnene i førearbeida om straffenivået funne å burde tilleggjas ei viss vekt idet det inngjekk i ein samla gjennomgang av lovføresegnene på dette området.
Til toppen