Straffutmåling - Kva tilståing har å seie

10.12.2002, 2002/840, straffesak, anke
Straffelova § 59 andre ledd
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (assisterende riksadvokat Hans-Petter Jahre)
Gussgard, Stabel, Tjomsland, Gjølstad og Schei

Under ein rassia blei A pågripen, og politiet beslagla ca. 188 g metamfetamin, 92 ecstasytablettar og kr 37 000. Metamfetamin blei vurdert til å tilsvare amfetamin. I første avhøyr tilstod han å ha selt samla ca. 1 kilo amfetamin og ca. 1000 ecstasy-tablettar. Han namngav fire kjøparar, men sa ikkje kven han hadde fått stoffet frå. Han blei dømd i forhøyrsretten til fengsel i 2 år og 3 månader, og 245 000 kroner blei inndregne. Lagmannsretten forkasta anken hans. Begge instansar la ved straffutmålinga vekt på tilståinga og bistanden til politiet.

Høgsterett tok utgangspunkt i at straffa utan tilståing ville blitt fengsel i omkring 3 år og 6 månader. Fleirtalet - fire dommarar - fann at tilståinga og bistanden til politiet hadde ført til ein mykje monaleg "rabatt", og at det ikkje var grunn til å redusere straffa ytterlegare. Mindretalet meinte at straffa burde vore sett til to år.
Til toppen