Tjuveri, naskeri og lekamskrenking

05.06.2002, 2001/1499, straffesak, anke
Straffeloven §§ 228, 1. ledd, 391 a 1. og 2. ledd og 257
A (advokat Erling O. Lyngtveit) not Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Walter Wangberg)
Utgård, Stang Lund, Lund, Gussgard og Aasland

A - som i mange år har vore misbrukar av alkohol og narkotika - var før denne saka straffedømt 6 gonger og bøtelagt 11 gonger, hovudsakleg for mindre vinnings- og narkotikalovbrot. Han vart no domfelt for seks tilfelle av brot på straffelova § 391 første og andre ledd og seks tilfelle av brot på straffelova § 257. Han hadde ved desse høva teke varer - stort sett mat og øl - frå butikkar. Samla verdi på varene var på vel 5 000 kroner. I tillegg vart han dømt for brot på straffelova § 228 første ledd. I samband med eit butikknaskeri vart han teken med inn på kontoret til den butikkansvarlege, som skulle skrive politimelding. Han tok då tak i henne, dytta henne, kneip henne og helte ei cola-flaske over henne; alt saman med broren som også var med på naskeriet.

Høgsterett viste til at domfelte hadde gjort seg skuldig i ei rad med tjuveri og naskeri. Berre det siste året før dommen i byretten, hadde han vedteke fire førelegg for naskeri. Allereie dagen etter lekamskrenkinga gjorde han seg skuldig i eit nytt tilfelle av naskeri frå ein butikk. Det kunne etter dette ikkje ha kome på tale med fengsel på vilkår for tjuveria og naskeria, sjølv om domfellinga ikkje hadde omfatta brotet på straffelova § 228 første ledd. Når så dette tilhøvet kjem til, fann Høgsterett - som lagmannsretten - i at det måtte reagerast med ei ikkje heilt kort fengselsstraff utan vilkår. Det var etter ikkje grunn til å endre den straffa på fengsel i 120 dagar som lagmannsretten hadde målt ut.
Til toppen