Tvungen gjeldsordning

11.04.2002, 2001/567, sivil sak, kjæremål
Gjeldsordningslova § 6-1 andre ledd
A (advokat Solveig Ekeberg) mot Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Johnny Johansen)
Utgård, Lund, Tjomsland, Zimmer og Aasland

A fekk i 1995 stadfesta tvungen gjeldsordning. Gjeldsordninga omfatta også skyldig skatt og meirverdiavgift. Skattefuten i Oslo og Akershus kravde i 2000 gjeldsordninga oppheva fordi A skulle ha handla uheiderleg i gjeldsordningsperioden. Lagmannsretten la til grunn at A hadde handla uheiderleg.

Spørsmålet i saka var om uttrykket "fordringshaver, hvis krav er omfattet av gjeldsordningen" i gjeldsordningslova § 6-1 andre ledd, også omfattar ein skatte- og avgiftskreditor, jf. § 4-8 andre punktum bokstav c i lova og tidlegare gjeldande forskrift av 18. desember 1992 nr. 1083 med heimel i den sist nemnde føresegna. Denne forskrifta er seinare erstatta av ny forskrift av 10. januar 1997, som likevel ikkje kom til bruk då ho berre gjeld for gjeldsordningar som er opna etter at den nye forskrifta er sett i kraft. Høgsterett la etter samla lesing av lov og forskrift til grunn at også skatte- og avgiftskrav - i alle høve uprioriterte - gjekk inn under § 6-1 andre ledd. § 4-8 første punktum har som utgangspunkt at alle krav går inn under lova. Det er i same paragrafen andre punktum heimel for særreglar for skatte- og avgiftskrav. I forskrifta av 1992 § 8 andre ledd skjedde det ei kopling av skatte- og avgiftskrav til reglane om uprioriterte krav i gjeldsordningslova. Høgsterett la også vekt på at forskrifta av 1992 ikkje gav tilvising på korleis skatte- og avgiftskrav skulle handterast etter opning av gjeldsforhandling, dersom dei ikkje skulle gå inn under lova. Heller ikkje spørsmålet om bortfall av slike krav etter gjeldsordningsperioden var løyst i forskrifta. Kjæremålet vart etter dette forkasta. Sakskostnader vart ikkje tilkjende.
Til toppen