Ulovleg felling av tre og bruk av traktor i våtmarksreservat.

10.09.2002, 2002/583, straffesak, anke
Naturvernloven § 24 jf. §§ 8, 9, 10 og 22, jf. forskrift om freding punkt IV nr. 1 og nr. 4
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)
Stang Lund, Skoghøy, Matningsdal, Mitsem og Lund

Politimeisteren i Haugesund skreiv i august 2001 ut førelegg mot A for brot på naturvernloven § 24 jf. §§ 8, 9, 10 og 22, jf. forskrift om freding punkt IV nr. 1 og nr. 4 for vinteren 2000 til 2001 å ha felt ei rekkje lauvtre og kjørt med traktor i X naturvernreservat. Førelegget blei ikkje vedteke. Karmsund heradsrett fann A skyldig i brot på naturvernloven og fredingsforskrifta og dømde han til ei bot på 10 000 kroner subsidiært 15 dagars fengsel. Han måtte også tole inndraging til fordel for statskassa med 1 000 kroner.

A anka til Gulating lagmannsrett som under dissens frifann han. Det avgjerande mindretalet som bestod av tre meddommarar, jf. straffeprosessloven § 35 første ledd, la til grunn at han hadde sett i verk skjøtsel i skogbruksmessig forstand og kom til at slik skjøtsel var tillaten sjølv om den ikkje fremma føremålet med fredinga. Påtalemakta anka lovbruken til Høgsterett. Fire dommarar fann at fredings-forskrifta må forstås slik at skjøtsel skal utføras av naturvernstyresmakta. Den gav ikkje grunneigar rett til å drive skjøtsel i reservatet, sjølv for verksemd som kan hevdas å fremme og vareta føremålet med fredinga. A kunne heller ikkje frifinnas på grunn av unnskyldeleg rettsvillfaring. Åtferda var klart uaktsam ved at han let vere å ta kontakt med miljøvernstyresmakta før han sette i verk hogst i reservatet. Vilkåra for å seie ny dom etter straffeprosessloven § 345 andre ledd andre punktum låg føre. Fleirtalet fann A skyldig i brot med forsett på naturvernloven. Han blei dømd til ei straff av bot på 10 000, subsidiært fengsel i 15 dagar og inndraging til fordel for statskassa med 1 000 kroner. Ein dommar uttala at EMD i fleire avgjerder frå dei seinare åra har tolka EMK artikkel 7 slik at den stiller krav om at borgaren av ordlyden av den relevante straffeføresegna, og om naudsynt ved hjelp av tolkinga til domstolane av den, må kunne vite kva for handlingar som gjer han strafferettsleg ansvarleg. Han var einig i at skjøtselsunntaket i fredingsforskrifta på grunnlag av føremåls- og effektivitetsvurderingar må forstås slik at det berre omfattar skjøtsel som blir iverksett av forvaltningsstyresmakta. Men ut frå oppbygninga og den språklege utforminga av forskrifta var det etter hans syn naturleg å tolke skjøtselsunntaket slik at det også omfattar skjøtsel som blir iverksett av grunneigaren. Ved Høgsteretts avgjerd i denne saka er tolkinga av forskrifta avklart for framtida, men da dette ikkje var avklart på handlingstida, røysta han for at A måtte frifinnas på grunnlag av EMK artikkel 7 og unnskyldeleg rettsvillfaring.
Til toppen