Unnlaten føring av fangstdagbok

06.09.2002, 2002/383, straffesak, anke
Saltvannsfiskeloven §§ 53 første ledd første straffalternativ, jf. § 54, jf. § 9, jf. forskrift om oppgaveplikt for fiske- og fangstfartøy § 11, jf. §§ 4 og 5
Reiarlaget A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Lars Fause)
Mitsem, Skoghøy, STang Lund, Matningsdal og Lund

Lofoten og Vesterålen politidistrikt skreiv 30. januar 2001 ut eit inndragingsførelegg på kr. 400.000 mot reiarlaget A, for unnlaten føring av såkalla forenkla fangstdagbok for fangstar tekne 29. april og 1., 2. og 3. mai 2000. Skipperen vedtok eit bøteførelegg på kr. 15.000 for same forholdet. Brotet hans var med forsett. Førelegget mot reiarlaget blei ikkje vedteke. Lofoten heradsrett reduserte inndragingssummen til kr 50 000. Etter anke frå påtalemakta, fastsette Hålogaland lagmannsrett inndraginga til fangstens verdi, kr 360 000, i samsvar med aktors påstand.

A's anke til Høgsterett blei forkasta. Høgsterett peika på at fangstdagbøkene er eit viktig verkemiddel for ressursforvaltninga. Samtidig er risikoen for å bli oppdaga ved brot på reglane låg, og dei økonomiske sjansane for gevinst ved brot på kontrollreglane høge. Sjølv om det ikkje dreier seg om eit ulovleg fiske - som fiske utan naudsynt kvote eller i eit ulovleg område - og det heller ikkje er grunnlag for mistanke om planlagt skjult omsetning, vil det regelmessig vere grunn til å reagere med ei ikkje umonaleg inndraging overfor eigaren av fartyet. Høgsterett uttala at rettspraksis om nivået på inndraginga ved manglande føring av fangstdagbok eller feilrapportering har vore sprikande. Ved slik unnlaten dagbokføring som saka galdt, fann Høgsterett det rimeleg å fastsetje inndragingssummen overfor reiarlaget med utgangspunkt i fangstens verdi. Det låg ingen grunnar føre som tala for å fråvike utgangspunktet i dette tilfellet.
Til toppen