Utuktig omgang ved misbruk av stilling som lærar

05.02.2002, 2001/1045, straffesak, anke
Straffeloven § 198 (som etter endringslov 11. august 2000 nr. 76 er omredigert til straffeloven § 193 første ledd)
A (advokat Ivar Sveen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Anne Gro Aanensen Kleven)
Aarbakke, Mæland, Rieber-Mohn, Gussgard og Dolva

A var dømd for brot på straffeloven § 198 (som etter endringslov 11. august 2000 nr. 76 er omredigert til straffeloven § 193 første ledd). Ein 18 år gammal kvinneleg elev i den vidaregåande skolen der den dømde var lærar, hadde søkt råd hos den dømde om personlege og yrkesmessige problem. Ho besøkte han ein kveld i heimen hans, der han skjenkte ho alkohol, i visse om at ho hadde hatt problem med alkohol tidlegare. Den kvelden og fire gonger til i løpet av ein månads tid gjennomførte den dømde fullbyrda samleie med kvinna, som ved det siste samleiet blei gravid. Ho tok etter eige val abort.

Lagmannsretten hadde frådømt A retten til å vere lærar for tre år og fastsett ei fengselsstraff på 120 dagar, av dei 60 dagar utan vilkår. Ankesaka var avgrensa til fastsetjinga av fengselsstraff. Høgsterett forkasta anken.
Til toppen