Valdtekt av ei kvinne, utført av to menn i fellesskap

09.10.2002, 2002/890, straffesak, anke
Straffelova § 192, etter lovendringa 11. august 2000
A og B (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jenny Pedersen)
Utgård, Matningsdal, Gjølstad, Oftedal Broch, Schei

Valdtekta vart utført overfor ei kvinne som etter ein tur på byen hadde blitt med to menn på det som ho oppfatta å skulle vere ein privat etterpåfest for ei gruppe personar ho kjende. Ho vart då lurt inn på eit rom av dei domfelte, der desse valdtok henne. Valdtekta hadde element av å vere ei overfallsvaldtekt. Det var tale om fleire samleie, også orale, av sterkt krenkjande og truande karakter.

Høgsterett uttala at det etter ei lovendring som den av 11. august 2000, må takast standpunkt til straffenivået på det nye lovgrunnlaget. Ut frå siktemålet til lovgivar, må straffenivået då aukast vesentleg i høve til praksis før lovvedtaket. Det vart gitt tilslutning til vurderingane frå Seksuallovbruddutvalget om det ekstra straffverdige ved ei felles valdtekt. Det vart vist til at det også går klart fram av dei seinare lovførearbeida at det her er grunn til ein svært streng reaksjon. Ei straff på fengsel i 5 år vart funne å vere eit høveleg nivå. Det var i fastsetjinga av straffa teke omsyn til at ei slik grov valdtekt er eit særleg massivt overgrep mot den krenkte. Omfanget av overgrepet var då direkte fanga inn i straffenivået, utan at det var nødvendig å gå inn på følgjene for den krenkte. Det vart uttala at det er ønskjeleg at alvoret i handlinga gir seg direkte utslag i straffenivået, og at den krenkte blir friteken frå den ekstra byrda det til vanleg vil vere å måtte gjere greie for etterfølgjande problem.
Til toppen