Straffutmåling - Krenkingar, truslar og utuktig omgang

28.02.2002, 2002/1533, straffesak, anke
Straffelova §228 første ledd jf. § 232 og § 132a
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Anne Grøstad)

Utgård, Lund, Tjomsland, Mitsem og Aasland

Saka gjaldt straffutmålinga for fleire typar krenkingar av tidlegare ektefelle, truslar mot vitne og utuktig omgang med jente under 14 år. Straffa var i lagmannsretten sett til fengsel i 2 år og 8 månader.

A var domfelt for fleire strafflagde handlingar. Domfellinga omfatta utuktig omgang med jente på 13 år og 8 månader. Hovudtyngda av dei strafflagde handlingane gjaldt i høve til no fråskild ektefelle. Han hadde utøvd grov vald mot henne, straffelova § 228 første ledd, jf. § 232 ved sida av truslar, lekamskrenkingar og krenking av besøksforbod. Truslane mot henne galt i hovudsak vitneprov ho skulle gi i retten om vald han var tiltala for å ha utøvd mot henne. Dommen inneheld ein relativt utførleg omtale av faktum i saka. Høgsterett uttala at ein her stod overfor brot på dei nye reglane i straffelova § 132a om vern av aktørar i rettsvesenet, som isolert sett måtte ha medført ei strengare straff enn det som var tilfelle i saka i Rt. 2002 side 846 og i sak 2002/1433 (annan dom av i dag). Høgsterett la elles til grunn at det som grunnlag for straffutmålinga, var nødvendig å sjå handlingane under eitt. Det gjaldt både for den samla tida desse hadde skjedd, og for kvar einskild episode som omfatta fleire typar av strafflagde handlingar. Høgsterett sette straffa til fengsel i 2 år og 4 månader.
Til toppen