Inntektsføring av konsernbidrag - skattelova av 1911

07.02.2003, 2002/134, sivil sak, anke
Skattelova av 1911 §45 tredje ledd
1. Norsk Hydro ASA og 2. Norsk Hydro Produksjon AS (advokat Sverre E. Koch) mot Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (advokat Einar Harboe)
Utgård, Rieber-Mohn, Lund, Tjomsland og Aasland

Saka gjaldt overprøving av likningsvedtak for 1993. Spørsmålet var om konsernbidrag går inn i nettoinntekta etter den no oppheva skattelova av 1911 § 45 tredje ledd, før fordeling av generalkostnader, netto finanskostnader og underskot; alternativt må det skje etter slik inntektsføring. Norsk Hydro ASA og Norsk Hydro Produksjoner AS - som var samskattlagde etter skattelova § 54 tredje ledd - hadde dels aktivitet på land og dels på sokkelen. Petroleumsskatten er høgare enn skatten på land, og dermed hadde det stor verknad korleis rentene skulle fordelast.

Valet mellom alternativa kan slå ulikt ut, ut frå konkrete omstende. Hydro hadde for alle instansar gjort gjeldande at deira standpunkt gjorde at løysinga gjennomgåande var mest nøytral. Dette var ikkje imøtegått av staten og vart lagt til grunn. Likningsstyresmaktene sitt alternativ ville heller ikkje gi ei nøytral løysing med omsyn til storleiken på redusert skatt hos givaren og auka skatt hos mottakaren, der denne siste dels har inntekter på sokkelen og dels inntekter på land. Det var såleis sterke reelle grunnar for Hydro si løysing. Høgsterett la samstundes til grunn at ordlyden med ganske stor vekt tala for staten si løysing. Lovtolkinga var etter dette relativt open. I denne situasjonen la Høgsterett utslagsgivande vekt på praksis, sjølv om denne berre gjaldt i høve til Hydro i ein kort periode på 8-9 år. Det var ikkje opplyst om andre skattytarar som spørsmålet kunne ha noko å seie for. Denne praksisen bygde på eit forlik om likninga for 1984, der Hydro hadde endra sin praksis med omsyn til føring av sjølvmeldingar. I denne situasjonen fann Høgsterett at staten ikkje kunne skifte standpunkt i eit tvilsamt og opent lovtolkingsspørsmål, med verknad for ein skattytar som hadde innretta seg på praksisen. Vedtaka frå overlikningsnemnda vart etter dette oppheva.
Til toppen